Jeremia 4

4
Bryt dykk nybrot
1Om du kjem tilbake, Israel,
seier Herren,
om du kjem tilbake til meg,
om du fjernar
dei motbydelege gudane dine frå meg
og ikkje flakkar ikring,
2 # 5 Mos 6,13; Jes 45,25; 65,16; Jer 12,16 om du sver
«så sant Herren lever»
i sanning, rett og rettferd,
då skal folkeslaga velsigna seg ved han,
ved han skal dei prisa seg lukkelege.
3 # Hos 10,12; Matt 13,22 Så seier Herren til judearane
og til Jerusalem:
Bryt dykk nybrot,
ikkje så mellom klunger!
4 # Esek 18,31 # 4,4 Omskjer dykk Omskjeringa, som var det ytre teiknet på pakta med Gud (1 Mos 17,10), blir stundom nytta til bilete på at hjartet er omvendt. Jf. 3 Mos 26,41; 5 Mos 10,16; 30,6; Rom 2,28ff; Kol 2,11. Omskjer dykk for Herren,
ta bort forhuda frå hjartet dykkar,
de judearar og de som bur i Jerusalem,
elles skal harmen min bryta ut som eld
og brenna utan at nokon sløkkjer,
for det vonde de har gjort.
Ulukka frå nord
5 # 8,14; Hos 5,8; Joel 2,1 Kunngjer dette i Juda,
lat det høyrast i Jerusalem,
blås i horn i landet,
rop høgt og sei:
Samla dykk!
Lat oss gå inn i festningsbyane!
6 # 1,14; 5,15f; 6,1.22 # 4,6 ei ulukke frå nord >1,14. Lyft banneret! Til Sion!
Berg dykk, bli ikkje ståande!
For eg sender ei ulukke frå nord,
eit stort samanbrot.
7 # 5,6; 50,44 # 4,7 løve her bilete på ein fiendtleg konge eller hærførar. Ei løve stig opp frå krattet.
Ein som øydelegg folkeslag,
bryt opp og dreg ut frå sin stad
for å leggja landet ditt audt.
Byane dine skal bli til ruinar
der ingen kan bu.
8 # 6,26 # 4,8 sekkestrie grov tekstil av dyrehår, eit ytre teikn på sorg eller anger. =sørgjeskikkar. Difor, kled dykk i sekkestrie, sørg og skrik!
For Herrens brennande vreide
har ikkje vendt seg frå oss.
9Den dagen, seier Herren,
skal kongen og leiarane mista alt mot.
Prestane blir slegne av skrekk,
profetane blir mållause av redsle.
10 # 6,14; 8,15; 14,13ff; 28 Eg sa: Å, min Herre og Gud!
Sanneleg, du svikta
dette folket og Jerusalem
då du sa: «De skal ha fred.»
No rører sverdet ved strupen.
11På den tida skal det seiast
til dette folket og til Jerusalem:
Vind som brenn av hete,
kjem frå snaue høgder i ørkenen
mot folket, mi dotter.
Han er ikkje til å kasta og reinsa korn i,
12ein sterkare vind kjem til meg.
No vil eg òg seia dom over dei.
13 # Jes 5,28f; Joel 2,3ff; Hab 1,8 Sjå, som skyer dreg han fram,
som stormen er vognene hans,
hestane er raskare enn ørnar.
Ve oss, for vi blir øydelagde!
14 # Jes 1,16; Joel 2,12f Reins hjartet ditt for vondskap, Jerusalem,
så skal du bli frelst.
Kor lenge skal du la vonde tankar
få bu i ditt indre?
15 # 8,16 For ei røyst kjem med bod frå Dan,
forkynner ulukke frå Efraim-fjella.
16Sei frå til folkeslaga: Der er dei!
Lat det høyrast over Jerusalem!
Fiendar kjem frå fjerne land,
ropet deira lyder over byane i Juda.
17 # 6,3; Luk 19,43 Som vakter på åkeren kringset dei henne,
for ho har sett seg opp mot meg,
seier Herren.
18 # 2,19 Din veg og dine gjerningar
har ført dette over deg.
Slik er din vondskap,
han er bitter,
og han råkar deg i hjartet.
Eg såg
19 # 10,19; Hab 3,16 Å, kroppen min, kroppen min!
Eg vrid meg i smerte.
Veggene i hjartet mitt!
Hjartet mitt skrik, eg kan ikkje teia.
Eg høyrer lyden av horn og hærrop.
20Det blir ropa om samanbrot på samanbrot,
heile landet er øydelagt.
Brått blir telta mine øydelagde,
teltdukane på ein augneblink.
21Kor lenge skal eg sjå banneret
og høyra lyden av horn?
22 # 5 Mos 32,6; Jes 1,3 Ja, folket mitt er dårar,
dei kjenner meg ikkje.
Dei er tåpelege born utan innsikt.
Dei er flinke til å gjera vondt,
men kan ikkje gjera godt.
23 # 1 Mos 1,2 Eg såg jorda, og sjå! – ho var aud og tom,
mot himmelen – lyset var borte.
24 # Nah 1,5 Eg såg fjella, og sjå! – dei skalv,
alle haugane riste.
25 # 9,10; Sef 1,2f Eg såg, og sjå! – ikkje eit menneske,
alle fuglane under himmelen var flogne.
26Eg såg, og sjå! – fruktbart land hadde vorte til ørken,
alle byar var nedrivne
av Herren, av hans brennande vreide.
Herrens plan
27 # 5,10.18; 30,11 Så seier Herren:
Heile landet skal leggjast audt,
men eg skal ikkje gjera ende på det.
28Jorda sørgjer over dette,
og himmelen mørknar over henne.
For eg har tala og lagt min plan,
eg angrar ikkje og tek han ikkje tilbake.
29Heile byen flyktar
for ståket av ryttarar og bogeskyttarar.
Dei går inn i krattskogen
og klatrar opp på knausane.
Kvar by er forlaten,
det er ingen som bur i dei.
Ropet frå dotter Sion
30 # Jes 3,16ff; Jer 13,21; Esek 23,40 Du som er øydelagd, kva vil du gjera?
Om du kler deg i skarlak,
om du pyntar deg med gullsmykke,
om du gjer auga store med sminke,
gjer du deg vakker til fånyttes.
Dei som lengta etter deg, har forkasta deg,
no står dei deg etter livet.
31 # 6,24 # 4,31 dotter Sion Jerusalem, skildra som kvinne. Eg høyrer rop som frå ei kvinne med rier,
eit skrik som når ho føder for første gong.
Det er ropet frå dotter Sion,
ho gispar etter luft
og strekkjer hendene ut:
«Ve meg,
eg fell om framfor mordarar!»

Markert nå:

Jeremia 4: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring