Jesaja 38

38
Kong Hiskias sjukdom
1 # 2 Kong 20,1ff; 2 Krøn 32,24 På den tid vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja, son til Amos, til han og sa: «Så seier Herren: Få orden på ditt hus, for du skal døy og ikkje leva lenger.» 2Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren. 3«Å, Herre», sa han, «hugs at eg har vandra i sanning og med heilt hjarte for ditt andlet og gjort det som er godt i dine auge.» Og Hiskia gret høgt.
4Då kom Herrens ord til Jesaja: 5«Gå og sei til Hiskia: Så seier Herren, Gud åt David, stamfar din: Eg har høyrt di bøn og sett dine tårer. Sjå, eg legg endå femten år til levedagane dine. 6Eg skal berga deg og denne byen frå handa til assyrarkongen, og eg vil verna denne byen. 7#37,30 Og dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova: 8Eg lèt skuggen på soluret til Ahas gå ti strekar tilbake, like langt som han før har gått fram.» Og sola gjekk ti strekar tilbake, like langt som ho før hadde gått fram.
Hiskias takkesalme
9Dette skreiv Juda-kongen Hiskia etter at han hadde vore sjuk og hadde vorte frisk att:
10Eg sa:
Midt i livet må eg gå
til dødsrikeportane.
Der blir eg vakta på
resten av åra mine.
11 # 38,11 landet til dei levande >Sal 27,13. Eg sa:
Eg får ikkje sjå Herren,
Herren i landet til dei levande.
Eg får ikkje sjå eit menneske meir
av dei som bur i verda.
12 # Job 6,9; 7,6 Min bustad blir broten ned,
teken bort ifrå meg
som teltet til ein gjetar.
Eg rullar saman mitt liv
som ein vevar,
frå renninga
skjer han meg laus.
Før dagen blir natt,
gjer du ende på meg.
13Eg ropar om hjelp
til morgonen kjem.
Som ei løve knasar han
alle mine knoklar.
Før dagen blir natt,
gjer du ende på meg.
14 # Job 17,3; Sal 119,122; Jes 59,11; Esek 7,16; Nah 2,8 Eg pip som svala og trasta,
eg klynkar som ei due.
Hjelpelaus ser eg
mot det høge.
Herre, eg er pressa,
gå god for meg, du!
15Kva skal eg seia?
Han har tala til meg,
han har gjort sitt.
Bitter til sinns må eg vandra
alle mine år.
16 # 5 Mos 8,3; Matt 4,4 Herre, ved dette lever dei,
og ved alt dette
lever mi ånd.
Gjer meg frisk
og lat meg leva!
17 # Sal 30,4; 86,13; 116,3ff; Mi 7,19 Sjå, til fred vart det bitre,
det som var så bittert for meg.
Du har redda mi sjel
frå øydeleggings grav.
For du har kasta alle syndene mine
bak din rygg.
18 # Sal 6,6; 88,11ff; 115,17 Dødsriket takkar deg ikkje,
døden lovsyng deg ikkje,
dei som har gått i grav,
ventar ikkje på din truskap.
19 # Sal 48,13f; 78,4ff; 145,4; Joel 1,3 Den levande,
den levande er det
som takkar deg
slik eg gjer i dag.
Ein far fortel borna sine
om din truskap.
20 # Sal 63,5; 104,33; 146,2 Herren vil frelsa meg.
Lat oss spela på harpe
framfor Herrens hus
så lenge vi lever.
21 # 2 Kong 20,7 Jesaja sa: «Hent ei fikenkake og legg henne til plaster på byllen, så blir han frisk!» 22Då sa Hiskia: «Kva skal eg ha til teikn på at eg kan gå opp til Herrens hus?»

Markert nå:

Jesaja 38: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring