Hosea 2

2
1 # 1,6.9; 2,23 De skal seia til brørne dykkar: «mitt folk» og til systrene dykkar: «du som har fått miskunn».
Rettssak mot eit trulaust folk
2 # 4,5 Før sak mot mor dykkar, før sak!
For ho er ikkje kona mi,
og eg er ikkje mannen hennar.
Ho skal fjerna kvart horeteikn frå andletet,
ta bort kvart utruskapsteikn mellom brysta!
3 # Esek 16,4 Elles skal eg kle av henne
så ho står der like naken
som den dagen ho vart fødd.
Eg vil la henne bli som ein ørken,
gjera henne lik eit tørt land
og la henne døy av tørste.
4Borna hennar vil eg ikkje visa miskunn,
for dei er horeborn.
5 # Mi 1,7 # 2,5 elskarane mine andre gudar, som Israel dyrka når dei fall frå Herren. Jf. v. 8 og 13. For mor deira dreiv hor,
ho som fødde dei, førte skam over seg sjølv.
Ho sa: «Eg vil gå etter elskarane mine,
dei som gjev meg brød og vatn,
ull og lin, olje og vin.»
6 # Job 3,23; Klag 3,7ff Difor vil eg stengja
vegen for henne med tornar.
Eg murar ein mur rundt henne
så ho ikkje finn stigane sine.
7Når ho spring etter elskarane sine,
skal ho ikkje nå dei att,
når ho leitar etter dei,
skal ho ikkje finna dei.
Då skal ho seia: «Eg vil gå tilbake
til den første mannen min,
for eg hadde det betre då enn no.»
8 # Esek 16,19 # 2,8 Baal «herre, eigar», oftast namn på den kanaaneiske hovudguden, som kunne vera representert ved ein støypt skulptur. Ordet kan òg tyda «ektemann», og denne doble tydinga er utnytta i v. 16. =framande gudar. Ho skjøna ikkje at det var eg
som gav henne korn, ny vin og fin olje
og mengder av sølv og gull,
som dei brukte til Baal.
9Difor vil eg ta att
kornet mitt når tida er inne,
den nye vinen når tida kjem.
Eg vil ta bort ulla mi og linet mitt,
som skulle løyna hennar nakne kropp.
10No vil eg visa fram kjønnet hennar
for auga på elskarane hennar,
og ingen skal berga henne ut av mi hand.
11 # 2,11 nymånedagane =festar og høgtider. Eg gjer ende på all hennar glede,
festane, nymånedagane og sabbatsdagane,
alle høgtidene hennar.
12 # Sal 80,14; Mi 1,7 Eg øydelegg vinstokkane og fikentrea hennar.
Om dei har ho sagt:
«Dei er betaling eg fekk frå elskarane mine.»
Eg gjer dei til krattskog,
og villdyr skal eta dei.
13 # Jes 17,10+ Eg vil straffa henne for dei dagane
då ho tende offereld for Baal-gudane,
pynta seg med ringar og smykke
og gjekk etter elskarane sine,
men gløymde meg,
seier Herren.
Gud tek Israel til nåde att
14 # Jes 40,2; Jer 31,2 Difor vil eg lokka henne, føra henne ut i ørkenen og tala til hjartet hennar. 15#2,15 Akor-dalen >Jos 7,24. Der vil eg gje henne vingardane tilbake, og Akor-dalen skal bli ein port til von. Der skal ho svara som i ungdomsdagane, som då ho drog opp frå Egypt.
16Og den dagen, seier Herren, skal ho kalla meg «Min mann». Ho skal ikkje lenger kalla meg «Min Baal». 17#2 Mos 23,13; Sal 16,4 Eg vil fjerna Baal-namna frå munnen hennar, dei skal ikkje nemnast med namn meir.
18 # Job 5,23+; Sal 46,10; Jes 11,6f; Mi 4,3f Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med villdyra på marka, fuglane under himmelen og krypet på jorda. Boge, sverd og krigsvåpen vil eg bryta sund og utrydda frå landet, og eg vil la dei bu trygt.
19 # Esek 16,8 Eg vil binda meg til deg for alltid. Eg vil binda meg til deg i rettferd og rett, i kjærleik og miskunn. 20Eg vil binda meg til deg i truskap, og du skal kjenna Herren.
21Den dagen vil eg svara, seier Herren, eg vil svara himmelen, og han skal svara jorda. 22#2,22 Jisreel >1,4. Jorda skal svara kornet, den nye vinen og den fine oljen, og dei skal svara Jisreel.
23 # Rom 9,25; 1 Pet 2,10 # 2,23 så … ut Det hebr. uttrykket spelar på namnet Jisreel. >1,4. Lo Ruhamá, Lo Ammi Jf. 1,6.9. Eg vil så henne ut i landet mitt og miskunna meg over Lo Ruhamá. Til Lo Ammí vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»

Markert nå:

Hosea 2: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring