Hosea 1

1
1 # 2 Kong 14,23ff; 15–16; Jes 1,1; Am 1,1 Herrens ord som kom til Hosea, son til Beeri, i dei dagane då Ussia, Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda, og i dei dagane då Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel.
Profetens ekteskap og born
2 # 5 Mos 31,16; Esek 16,15ff # 1,2 ei horkvinne Ekteskapet mellom Hosea og Gomer skal vera eit bilete på Herrens kjærleik til det trulause folket sitt. Jf. kap. 3. Herrens første ord gjennom Hosea. Herren sa til Hosea: «Gå og få deg ei horkvinne og horeborn! For landet horar seg bort frå Herren3Og han gjekk og tok Gomer, Diblajims dotter, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son. 4#1,4 Jisreel Alle borna til profeten får symbolske namn, jf. òg 1,6.9. Namnet Jisreel tyder «Gud sår» og blir nytta symbolsk om det gjenreiste Israel òg, sjå 1,11; 2,22. blodbadet Jf. 2 Kong 9,14–37.Herren sa til han: «Kall han Jisreel! For om ikkje lenge vil eg straffa Jehus hus for blodbadet i Jisreel og gjera ende på kongedømet i Israel. 5Og den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisreel-sletta.»
6 # Esek 16,4f; Hos 2,1.23 Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: «Kall henne Lo Ruhamá, ‘ikkje miskunn’! For eg vil ikkje lenger visa Israels hus miskunn og ikkje tilgje dei. 7#Jes 30,15ff; 35,4 Men Judas hus vil eg visa miskunn. Eg vil frelsa dei ved Herren deira Gud, men eg vil ikkje frelsa dei med boge, sverd og krig, med hestar og ryttarar.»
8Då ho hadde vant av Lo Ruhamá, vart ho med barn att og fekk ein son. 9#2,1.23#1,9 eg er ikkje her for dykk Ein kan òg omsetja «eg er ikkje ‘Eg er’ for dykk». Jf. 2 Mos 3,14.Herren sa: «Kall han Lo Ammí, ‘ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje her for dykk.»
10 # 1 Mos 13,16+; Hos 2,23; Rom 9,26 # 1,10–11 Mange bibelutgåver følgjer den hebr. teksten og reknar 1,10–11 som kap. 2,1–2. Israels born skal bli mange som havsens sand og ikkje kunna målast og ikkje teljast. Der det før vart sagt til dei: «De er ikkje mitt folk», skal det seiast: «Den levande Guds born». 11#Jer 3,18; Esek 37,22; Mi 2,12#1,11 Jisreels dag >v. 4. Judas og Israels born skal samla seg og ta seg ein hovding i lag. Dei skal dra opp frå landet. Ja, stor er Jisreels dag.

Markert nå:

Hosea 1: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring