Forkynnaren 6

6
Svolt i sjela
1Eitt som er vondt har eg sett under sola;
det kviler tungt på menneska:
2 # Sal 49,11; Fork 4,8 Gud gjev ein mann
både rikdom, gods og ære,
så han ikkje manglar noko
av alt det han ønskjer seg.
Men Gud lèt han ikkje nyta noko av det,
det blir ein framand som bruker det opp.
Det er meiningslaust, ja, beiskt og vondt.
3 # Job 3,11.16; Fork 4,3 Ein mann kan få hundre born
og leva i mange år.
Men kor lenge han så lever –
om han ikkje har glede av alt det gode
og ikkje eingong får ei gravferd,
seier eg at det ufullborne fosteret
har det gått betre med enn han.
4Fåfengt kjem det til verda,
i mørker går det bort,
og i mørker får det namnet sitt løynt.
5Sollyset har det ikkje sett
og aldri kjent.
Likevel kviler fosteret betre enn mannen.
6 # 3,20 Sjølv om han levde
i to gonger tusen år,
fekk han ikkje nyta det gode i livet.
Går ikkje alle til same staden?
7Mennesket strevar alltid for maten,
men svolten i sjela blir aldri stilt.
8Kva fordel har den vise framfor dårar?
Og kva hjelper det ein fattig å vita
korleis han skal ferdast mellom menneska?
9 # 1,14 Betre det auga ser
enn det sjela trår etter.
Det òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.
10 # Job 9,3–5; 33,12f # 6,10 den som er sterkare Gud, som har nemnt alt med namn. Alt som er til,
er nemnt med namn for lenge sidan,
det er kjent på førehand
kva eit menneske skal bli.
Ingen kan føra sak
mot den som er sterkare enn ein sjølv.
11Dess fleire ord, dess meir fåfengt!
Kva gagn har mennesket av det?
12 # Job 8,9; 14,2; Sal 39,7; 90,10; 102,12 Ja, kven veit kva som er best
for menneska her i livet,
alle dei kortvarige dagane
dei lever som ein skugge?
Kven kan fortelja menneska
kva som skal henda etter dei under sola?

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring