Forkynnaren 5

5
1 # Ordt 10,19+ Ver ikkje for snar med munnen,
og lat ikkje hjartet forhasta seg
når du vil tala eit ord for Guds andlet.
For Gud er i himmelen og du er på jorda,
lat difor orda dine vera få!
2 # 10,14 Med hardt slit følgjer tankespinn,
med dårars tale følgjer mange ord.
3 # 5 Mos 23,21; Sal 50,14+ Når du gjev Gud ein lovnad,
så dryg ikkje med å halda han.
For Gud har ikkje glede i dårar.
Hald det du har lova han!
4Det er betre at du ikkje gjev han lovnader,
enn at du lovar og ikkje held ord.
5 # 4 Mos 15,25–31 # 5,5 Guds sendebod truleg presten eller levitten. Jf. Mal 2,7. Lat ikkje munnen få deg til å synda,
og sei ikkje til Guds sendebod:
«Eg gjorde det av vanvare.»
Kvifor vil du gjera Gud harm med orda dine,
så han øydelegg det du har gjort?
6Midt i alle draumar, alt som er fåfengt, og alle ord:
Ha ærefrykt for Gud!
Urett og rikdom
7 # 3,16; 4,1 # 5,7 provins Ordet blir brukt om provinsane i Persarriket. Jf. Esra 2,1. Ser du at fattigfolk blir undertrykte,
at rett og rettferd blir krenkte i din provins,
så undra deg ikkje over det!
For den eine mektige vernar den andre,
og over dei begge står andre med makt.
8Framfor alt er jord ein god ting,
ein konge må sørgja for at jorda blir dyrka.
9 # 4,8 Den som er glad i pengar,
blir aldri mett på pengar.
Den som elskar rikdom,
får aldri vinning nok.
Dette òg er fåfengt.
10Dess større eigedom,
dess fleire som skal leva av han.
Kva gagn har eigaren av det,
anna enn at han får meir å sjå på?
11Ein slave kan sova godt
anten han har lite eller mykje å eta.
Alt det den rike eig,
tek natteroa frå han.
12Noko beiskt og vondt
har eg sett under sola:
Oppspart rikdom
kan bli til ulukke for eigaren.
13Rikdomen kan gå tapt i uheldig handel,
og når han får ein son,
står han der med tomme hender.
14 # Job 1,21; Sal 49,18; 1 Tim 6,7 For slik som han kom frå mors liv,
slik skal han venda attende,
like naken som han kom.
Ingen ting har han att for sitt arbeid,
ingen ting kan han ta med når han fer.
15Det òg er beiskt og vondt:
Slik som han kom, lyt han gå.
Kva har han då att?
Han har arbeidd for vind.
16Alle sine dagar må han eta i mørker,
sorgfull, sjuk og sint.
17 # 2,24+ Høyr kva eg har funne:
Det er rett og godt
å eta og drikka og nyta det gode
midt i alt arbeid og strev under sola,
den korte tida Gud lèt mennesket leva.
Det er den delen som mennesket har fått.
18Når Gud lèt eit menneske få rikdom og gods
og gjev han lov til å nyta det,
så han kan ta imot sin del
og gleda seg over det han eig,
då er det ei gåve frå Gud.
19Då tenkjer han ikkje på dagane som går,
for Gud gjev han glede i hjartet.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring