2. Krønikebok 26
N11NN
26
Kong Ussia i Juda
1 # 26,1 Ussia 2 Kong 14,21 har Asarja. >2 Kong 15,1. Heile folket i Juda tok Ussia, som då var seksten år gammal, til konge etter Amasja, far hans. 2Det var han som vann byen Eilat tilbake til Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hos fedrane sine. 3Ussia var seksten år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem. 4#25,3 Ussia gjorde det som rett var i Herrens auge, slik Amasja, far hans, hadde gjort. 5Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjøna seg på gudssyn. Og så lenge han søkte Herren, gav Gud han framgang.
6Ussia drog ut og gjekk til krig mot filistrane. Han reiv ned bymurane i Gat, Jabne og Asjdod. Sidan bygde han byar ved Asjdod og andre stader hos filistrane. 7Gud hjelpte han mot filistrane, mot dei arabarane som budde i Gur-Baal, og mot me'unittane. 8Ammonittane kom med gåver til Ussia, og gjetordet om han nådde heilt til Egypt; for han hadde vorte svært mektig. 9#26,9 murvinkelen ein port i austmuren, jf. Neh 3,19.24. Ussia bygde tårn i Jerusalem, på Hjørneporten og Dalporten og på murvinkelen. Slik gjorde han desse stadene sterke. 10I ørkenen bygde han òg tårn og hogg ut mange brønnar, for han hadde stor buskap både i låglandet og på høgsletta. Dessutan hadde han bønder og vindyrkarar i fjella og i hagane; for han hadde hjarte for jorda.
11Ussia hadde ein stridsfør hær, som drog ut i krig i avdelingar som var mønstra og talde av skrivaren Je'uel og tilsynsmannen Maaseja, under leiing av Hananja, ein av stormennene til kongen. 12Dei djerve krigarane som var leiarar for familiar, var 2600 i talet. 13Under dei stod det ein hær på 307 500 mann. Med kraft og styrke hjelpte dei kongen i krig mot fienden. 14Heile denne hæren rusta Ussia ut med skjold og spyd, hjelmar og brynjer, bogar og slyngjesteinar. 15I Jerusalem fekk han utvikla nye og sinnrike krigsmaskinar. Dei skulle stå på tårna og murhjørna og brukast til å skyta ut piler og store steinar. Slik vart namnet til kongen kjent vide ikring, for han fekk hjelp på underfullt vis så han fekk stor makt.
16Men då han hadde fått stor makt, vart hjartet øydelagt av hovmod. Han var trulaus mot Herren sin Gud. Han gjekk inn i Herrens tempel og ville brenna røykjelse på røykjelsesaltaret. 17#1 Krøn 6,10 Men presten Asarja gjekk inn etter han saman med Herrens prestar, åtti modige menn. 18#4 Mos 18,7 Dei stilte seg i vegen for kong Ussia og sa til han: «Du har ikkje lov til å brenna røykjelse for Herren, Ussia. Det kan berre prestane gjera, Aron-sønene som er helga til det. Gå ut or heilagdomen! For du har vore trulaus, og det gjev deg inga ære hos Herren din Gud.»
19Då vart Ussia sint der han stod med ei røykjelsesskål i handa og skulle til å brenna røykjelse. Men då han vart sint på prestane, braut det ut hudsjukdom på panna hans. Dette hende framfor prestane attmed røykjelsesaltaret i Herrens hus. 20Då Asarja, øvstepresten, og alle dei andre prestane snudde seg mot han, såg dei at han hadde ein hudsjukdom i panna. Då dreiv dei han bort derifrå med ein gong. Og sjølv var han snar til å koma seg ut, for Herren hadde rørt ved han. 21#3 Mos 13,46; 2 Kong 15,5–7 Sidan hadde kong Ussia denne hudsjukdomen til sin døyande dag. Han måtte bu i eit hus for seg sjølv fordi han var ramma av hudsjukdom, og han var utestengd frå Herrens hus. Jotam, son hans, styrte kongeborga og folket i landet.
22 # Jes 1,1 Det som elles er å seia om Ussia, frå først til sist, har profeten Jesaja, son til Amos, skrive opp. 23Ussia gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd ute på gravstaden til kongane. For dei sa: «Han var ramma av hudsjukdom.» Jotam, son hans, vart konge etter han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk