2. Krønikebok 25

25
Kong Amasja vinn over Edom
1 # 2 Kong 14,1–7 Amasja var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem. 2Han gjorde det som rett var i Herrens auge, men ikkje med eit heilt hjarte. 3Så snart Amasja hadde sikra seg kongsmakta, drap han dei tenarane som hadde slege i hel far hans, kongen. 4#5 Mos 24,16; Esek 18,19ff Men borna deira drap han ikkje. Han heldt seg til det som står skrive i lovboka til Moses, der Herren byd: Fedrar skal ikkje døy for borna, og born skal ikkje døy for fedrane. Kvar og ein skal døy for si eiga synd.
5Sidan samla Amasja judearane og stilte dei opp, familie for familie, under tusenmannsførarar og hundremannsførarar i heile Juda og Benjamin. Han mønstra alle som var tjue år eller meir, og fann at det var tre hundre tusen utvalde stridsføre menn som kunne bruka spyd og skjold. 6#25,6 100 talentar ca. 3420 kg. Dessutan leigde han hundre tusen djerve krigarar frå Israel for hundre talentar sølv. 7Då kom ein gudsmann til han og sa: «Konge, lat ikkje Israels-hæren dra med deg! For Herren er ikkje med israelittane, ikkje med nokon av Efraim-sønene. 8Dra ut på eiga hand og gå modig i krigen! Elles vil Gud la deg falla for fienden. For Gud har makt både til å hjelpa og til å fella.» 9Amasja spurde gudsmannen: «Kva så med dei hundre talentane som eg har gjeve til troppane frå Israel?» Gudsmannen svara: «Herren kan gje deg meir enn det!» 10Då skilde Amasja ut troppane som var komne til han frå Efraim, og lét dei fara heim att. Dei vart brennande harme på judearane og vende heim i fullt sinne.
11 # 25,11 ti tusen mann frå Se'ir edomittar. Amasja styrkte stillinga si. Så førte han hæren sin til Saltdalen. Der slo han ned ti tusen mann frå Se'ir, 12og judearane tok ti tusen levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå så dei vart knuste, alle saman. 13Men troppane som Amasja hadde sendt heim att så dei ikkje fekk dra med han i krig, plyndra byane i Juda frå Samaria til Bet-Horon. Der slo dei ned tre tusen mann og tok stort bytte.
Amasjas fråfall og nederlag
14 # 2 Kong 14,8–20 Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomittane, hadde han gudane til folket i Se'ir med seg. Han sette dei opp som sine eigne gudar, tilbad dei og tende offereld for dei. 15#5 Mos 32,37f+ Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende han ein profet som sa: «Kvifor spør du gudar til råds som ikkje kunne berga sitt eige folk or di hand?» 16Men då profeten tala slik til han, sa Amasja: «Har vi gjort deg til rådgjevar for kongen? Hald opp, elles blir du slegen i hel.» Då heldt profeten opp og sa: «Eg veit at Gud har sett seg føre å utrydda deg, sidan du gjorde dette og ikkje høyrde på rådet mitt.»
17Amasja, kongen i Juda, heldt råd og sende så bod til Israels-kongen Joasj, son til Joahas, son til Jehu. «Kom, lat oss kjempa andlet til andlet!» sa han. 18#Dom 9,14 Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet tilbake til Juda-kongen Amasja: «Tistelen i Libanon sende ein gong bod til sedertreet i Libanon og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men eit av villdyra i Libanon kom forbi og trampa tistelen ned. 19#26,16 Du tenkjer at du har slege edomittane. Difor har du vorte overmodig og vil vinna ære. Hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke så du går til grunne, og Juda med deg?»
20Men Amasja ville ikkje høyra på han; for dette var frå Gud. Han ville gje dei over i hans hender fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds. 21Då rykte Israels-kongen Joasj ut mot Amasja, kongen i Juda. Dei kjempa andlet til andlet i Bet-Sjemesj, som ligg i Juda. 22Judearane vart slegne av israelittane og flykta kvar til sitt. 23#25,23 Joahas 2 Kong 14,13 har Ahasja. 400 alner ca. 200 m. bymuren >2 Kong 14,13. Juda-kongen Amasja, son til Joasj, son til Joahas, vart teken til fange i Bet-Sjemesj av Joasj, Israels konge, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned fire hundre alner av bymuren, frå Efraim-porten til Hjørneporten. 24Så tok han alt gullet og sølvet og alt utstyret som fanst i Guds hus, hos Obed-Edom og i skattkammera i kongeborga, dessutan gislane. Så vende han attende til Samaria.
25Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joahas, var død. 26Det som elles er å seia om Amasja, frå først til sist, står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane. 27#24,25; 33,24 Då Amasja tok til å venda seg bort frå Herren, fekk dei til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då flykta han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der. 28#25,28 Juda-byen 2 Kong 14,20 har «Davidsbyen». Så førte dei han til Jerusalem på hesteryggen, og han vart gravlagd hos fedrane sine i Juda-byen.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring