2. Krønikebok 27

27
Jotams styre
1 # 2 Kong 15,32–38 Jotam var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok. 2#26,4.16 Jotam gjorde det som rett var i Herrens auge, i eitt og alt som Ussia, far hans, hadde gjort. Men han gjekk ikkje inn i Herrens tempel. Og folket heldt fram med å gjera det som vondt var.
3 # 27,3 Ofel-muren bymuren mot Kedron-dalen, sør for tempelområdet. >33,14. Det var Jotam som bygde Øvreporten i Herrens hus, og han bygde òg mykje på Ofel-muren. 4#26,10 Han bygde byar i Juda-fjella og sette opp borger og tårn i skogane. 5#27,5 100 talentar, 10 000 kor ca. 3420 kg og 3 640 000 l. Han førte krig mot kongen til ammonittane og vann over dei. Ammonittane laut gje han hundre talentar sølv, ti tusen kor kveite og ti tusen kor bygg det året. Det same laut dei gje han andre og tredje året. 6Slik styrkte Jotam stillinga si fordi han var stø i si ferd for Herren sin Guds andlet.
7Det som elles er å seia om Jotam, om alle krigane hans og alt han gjorde, står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. 8Han var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. 9Så gjekk Jotam til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Davidsbyen. Ahas, son hans, vart konge etter han.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring