2. Krønikebok 24

24
Kong Joasj set tempelet i stand
1 # 2 Kong 12,1–16 Joasj var sju år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Beer-Sjeba. 2Joasj gjorde det som rett var i Herrens auge, så lenge presten Jojada levde. 3Jojada fann to koner til han, og han fekk søner og døtrer.
4Etter ei tid sette Joasj seg føre å utbetra Herrens hus. 5Han kalla saman prestane og levittane og sa til dei: «Dra ut til byane i Juda og samla inn pengar frå alle israelittane til år for år å setja i stand huset til dykkar Gud etter som det trengst. De må skunda dykk å gjera dette!» Men levittane skunda seg ikkje. 6#24,6 avgifta til heilagdomen. Jf. 2 Mos 30,11–16. teltet med vitnemålet her om tempelet. >2 Mos 38,21. Då kalla kongen til seg Jojada, øvstepresten, og sa: «Kvifor har du ikkje sytt for at levittane krev inn frå Juda og Jerusalem den avgifta til teltet med vitnemålet som Moses, Herrens tenar, og Israels forsamling har fastsett? 7For den gudlause Atalja og sønene hennar har trengt seg inn i Guds hus og jamvel nytta alt det heilage frå Herrens hus for Baal-gudane.»
8Så baud kongen at dei skulle laga ei kiste og setja henne utanfor porten til Herrens hus. 9Det vart kunngjort i Juda og Jerusalem at alle skulle koma til Herren med den avgifta som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israel i ørkenen. 10Då vart dei glade, alle stormennene og heile folket. Dei kom og kasta pengar i kista til ho var full. 11Når levittane kom med kista til kongeleg kontroll og dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren til kongen og tilsynsmannen til øvstepresten og tømde henne. Så sette dei henne på plass att. Det gjorde dei dag etter dag og samla ei mengd med pengar.
12Kongen og Jojada gav pengane til dei som stod for arbeidet på Herrens hus. Og dei leigde steinhoggarar og tømmermenn til å utbetra Herrens hus og jernsmedar og koparsmedar til å setja det i stand. 13Arbeidsleiarane sette arbeidet i gang, og under deira leiing gjekk utbetringane framover. Dei sette Guds hus i stand att etter dei mål det skulle ha, og gjorde det sterkare enn før. 14Då dei var ferdige, bar dei resten av pengane til kongen og Jojada, som nytta dei til å laga utstyr til Herrens hus: reiskapar til tenesta og ofringa, skåler og anna utstyr av gull og sølv. Så lenge Jojada levde, bar dei dagleg fram brennoffer i Herrens hus.
15Jojada vart gammal og mett av dagar. Han var hundre og tretti år gammal då han døydde. 16Dei gravla han i Davidsbyen, saman med kongane, fordi han hadde gjort så mykje godt i Israel og for Gud og huset hans.
Kongens fråfall og straff
17Då Jojada var borte, kom stormennene i Juda til kongen og kasta seg ned for han. Og kongen høyrde på dei. 18Så forlét dei huset til Herren, deira fedrars Gud, og dyrka Asjera-pålar og gudebilete. Då vart Juda og Jerusalem råka av vreide fordi dei hadde gjort seg skuldige i dette. 19Herren sende dei profetar for å føra dei tilbake til seg. Profetane åtvara dei, men dei ville ikkje høyra.
20 # 15,2 Då kom Guds ande over Sakarja, son til presten Jojada. Han steig fram for folket og sa til dei: «Så seier Gud: Kvifor bryt de Herrens bod? De kjem ikkje til å lukkast. De har forlate Herren, difor forlèt han dykk.» 21#Matt 23,35 Men dei fekk i stand ei samansverjing mot han, og dei steina han i føregarden til Herrens hus på bod frå kongen. 22Kong Joasj hugsa ikkje den kjærleiken som Jojada, far til Sakarja, hadde vist han, og han drap sonen. Rett før han døydde, ropa han: «Må Herren sjå og gjengjelda dette!»
23Før året var ute, drog ein hær av aramearar opp mot kong Joasj. Dei kom til Juda og Jerusalem og utrydda alle stormennene i folket. Alt byttet dei tok, sende dei til kongen i Damaskus. 24Det var ikkje mange mann i aramearhæren som kom. Likevel lét Herren dei vinna over ein stor hær fordi judearane hadde forlate Herren, sine fedrars Gud. Såleis sette dei dommen over Joasj i verk. 25#2 Kong 12,20f; 2 Krøn 21,20 Då aramearane drog bort, lét dei han liggja att alvorleg såra. Tenarane hans svor seg saman mot han fordi han hadde teke livet av sonen til presten Jojada. Dei drap han i senga hans. Slik døydde Joasj. Dei gravla han i Davidsbyen, men ikkje i kongegravene.
26Dei som svor seg saman mot han, var Sabad, son til Sjimat, ei kvinne frå Ammon, og Josabad, son til Sjimrit, ei kvinne frå Moab. 27#2 Kong 12,21 Om sønene til Joasj, om dei mange profetorda mot han og om Guds hus som vart gjenreist, er det skrive i kommentarane til kongebøkene. Amasja, son hans, vart konge etter han.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring