1. Kongebok 10
N11NN

1. Kongebok 10

10
Dronninga av Saba besøkjer Salomo
1 # 2 Krøn 9,1ff; Matt 12,42; Luk 11,31 # 10,1 Saba sabearriket i Sør-Arabia. Jf. 1 Mos 10,7. Då dronninga av Saba fekk høyra om Salomo og det han hadde gjort for Herrens namn, kom ho og ville prøva han med gåter. 2Ho kom til Jerusalem med eit stort følgje, med kamelar som bar balsamoljar, store mengder gull og edelsteinar. Ho steig fram for Salomo og tala med han om alt som låg henne på hjartet. 3Og Salomo tydde alle gåtene hennar. Det fanst ikkje noko som var løynt for kongen så han ikkje kunne gje henne svar. 4Då dronninga av Saba fekk sjå all visdomen til Salomo, huset han hadde bygd, 5rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, munnskjenkane til kongen og brennoffera som han bar fram i Herrens hus, mista ho heilt pusten. 6Ho sa til kongen: «Så var det då sant, det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din! 7Eg trudde ikkje det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne auge. Men no ser eg at dei fortalde meg ikkje halvparten. Du er både visare og rikare enn eg har høyrt. 8Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane, som alltid får stå hos deg og høyra visdomen din! 9Velsigna vere Herren din Gud, som hadde slik godvilje for deg at han sette deg på Israels kongsstol. Fordi Herren alltid har Israel kjær, har han sett deg til konge, så du skal fremja rett og rettferd.»
10 # 10,10 120 talentar >9,14. Så gav ho kongen eitt hundre og tjue talentar gull, balsamoljar i stor mengd og edelsteinar. Det har aldri sidan kome slik ei mengd med balsamoljar til landet som det dronninga av Saba gav kong Salomo.
11 # 9,27f Flåten til Hiram som henta gull frå Ofir, hadde òg med seg store mengder sandeltre og edelsteinar derifrå. 12Av sandeltreet fekk kongen laga utsmykkingar til Herrens hus og kongeborga og lyrer og harper til songarane. Aldri har det kome så mykje sandeltre til landet, og så mykje har ikkje vore å sjå til denne dag.
13Kong Salomo gav dronninga av Saba alt det ho hadde lyst på og bad om, i tillegg til det som sømde seg for så mektig ein konge som Salomo å gje henne. Så braut ho opp og drog heim att til landet sitt saman med tenarane sine.
Salomos rikdom
14Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar. 15Attåt det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet.
16 # 2 Krøn 9,15ff # 10,16 600 sjekel ca. 6,8 kg. Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sjekel gull. 17#10,17 tre miner ca. 1,7 kg. Libanon-skoghuset >7,2. Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.
18Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull. 19Seks steg førte opp til trona, og stolryggen var runda øvst. På begge sider av setet var det armlene, og ved kvart av dei stod det ei løve. 20På dei seks trappestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Ein slik kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.
21Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alt utstyret i Libanon-skoghuset var av reint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar. 22#9,27f#10,22 Tarsis-skip store, havgåande skip. For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa til Hiram. Ein gong kvart tredje år kom Tarsis-skipa heim lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.
23Kong Salomo vart større enn alle kongane på jorda i rikdom og visdom. 24Og frå heile verda søkte dei Salomo for å høyra visdomen som Gud hadde lagt ned i hjartet hans. 25Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kapper, våpen, balsamoljar, hestar og muldyr.
26 # 4,26; 2 Krøn 1,14ff; 9,25 Salomo samla vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Han plasserte dei i vognbyane og hos seg sjølv i Jerusalem. 27#2 Krøn 9,27ff Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i låglandet. 28#5 Mos 17,16#10,28 Kue landskap i Kilikia i Vesleasia. Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue mot betaling. 29Kvar vogn som vart ført inn frå Egypt, kosta seks hundre sjekel sølv, og kvar hest eitt hundre og femti sjekel. Så selde dei hestar og vogner vidare til hetittkongane og aramearkongane.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk