YouVersion Logo
Search Icon

Høgsongen 1

1
1Salomos høgsong.
Lengt etter kjærleik
2Gjev han ville kyssa meg
med kyss av sin munn!
Din kjærleik er betre enn vin.
3Ljuvleg er dåmen ¬av dine salvar;
ein angande salve ¬er ditt namn,
difor held møyane av deg.
4Ta meg med! ¬Kom, lat oss springa!
Kongen har ført meg ¬inn i sin kove.
Vi vil fegnast ¬og gleda oss over deg
og prisa din kjærleik ¬meir enn vin.
Hugheilt elskar dei deg. #1,4 Kongen brudgomen.
Svart, men ven
5Svart er eg, men ven,
de Jerusalems møyar,
som Kedars tjeldbuer,
som Salomos tjelddukar. #1,5 Svart solbrend. Sml. v. 6. #Job 30,28; Sal 120,5; Klag 4,8
6Sjå ikkje på at eg er så svart,
at sola har brent meg.
Sønene åt mor mi ¬harmast på meg,
dei sette meg ¬til å vakta vingardane.
Min eigen vingard ¬har eg ikkje vakta. #1,6 Min eigen vingard bilete på brura eller møya sjølv. Sml. 2,15; Jes 5,1.
Kvar gjæter du di hjord?
7«Sei meg, ¬du som eg har så kjær,
kvar gjæter du di hjord?
Kvar lèt du henne kvila ¬ved middagstid?
Kvi skal eg gå ¬som ei kvinne med slør
der venene dine ¬gjæter si hjord?»
8«Veit du det ikkje,
du fagraste av kvinner,
så fylg berre faret etter flokken,
og lat dine kje få beita
innmed hyrdingbuene!»
Kor fager du er, min hugnad!
9«Med folane for faraos vogner
vil eg likna deg, min hugnad.
10Vene er dine kinn, ¬prydde med band,
og din hals med perler.
11Lekkjer av gull skal vi laga deg
og med sølvperler på.»
12Ljuvleg angar ¬min nardussalve
så lenge kongen er med i laget. #1,12 nardussalve kostesam salve, laga av rota på nardusplanta, som veks i Søraust-Asia. Sml. Mark 14,3.
13Min ven er lik myrrabunten
som kviler ved min barm. #1,13 myrrabunten kvister av myrrabusken, som har ei aromatisk saft, nytta i salve og parfyme. Sml. 2 Mos 30,23.
14Min ven ¬er som ein blømande kvist
på hennabusken ¬i En-Gedis hagar.
# 1,14 hennabusken ein busk som veks på varme stader, t.d. i Jeriko og i En-Gedi ved Daudehavet. Dei godangande blomane, som veks i klasar, gjorde at folk lika busken godt.
15«Kor fager du er, min ven,
ja, fager med augo som duer!» #2,14; 4,1; 5,12
16«Kor fager du er, min ven,
kor yndefull du er!
Og vårt lægje ¬er grornæmt og grønt.
17Sedrar er bjelkar i vårt hus,
sypressar er tak og himling.»

Currently Selected:

Høgsongen 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy