YouVersion Logo
Search Icon

Forkynnaren 12

12
Tenk på din skapar!
1Tenk på din skapar ¬i ungdoms år,
før dei vonde dagane kjem,
før det lid til dei år ¬då du må seia:
«Eg likar dei ikkje,» #12,1 dei vonde dagane alderdomen.
2før solljos og måne ¬og stjerner mørkjest,
og skyene kjem att ¬etter regnet.
3Då skjelv dei som vaktar huset,
og dei sterke mennene ¬krøkjest.
Dei som mel på kverna, ¬held opp med sitt arbeid,
fordi dei har vorte så få;
og dei som ser ut ¬gjennom gluggane, dimmest. #12,3 dei som vaktar huset armane. #12,3 dei sterke mennene føtene. #12,3 Dei som mel på kverna tennene. #12,3 dei som ser ut gjennom gluggane augo.
4Begge gatedørene vert ¬stengde,
og kvernduren er døyvd;
fuglekvitringa tagnar,
og alle songmøyane ¬vert lågmælte. #12,4 gatedørene øyro.
5Då syter ein for kvar bakke,
og skræmsler lurer på vegen.
Mandeltreet blømer,
grashoppa slepar seg fram,
og kapersen misser si kraft.
For mennesket går ¬til sin evige bustad;
dei som skal gråta, ¬ventar på gata. #12,5 sin evige bustad grava.
6Ja, tenk på din skapar
før sølvsnora slitnar ¬og gullskåla brest,
før krukka går sund ¬attmed kjelda,
og hjulet brotnar ¬og fell i brunnen, #12,6 sølvsnora livstråden. #12,6 gullskåla brest livet vert nedbrote. #12,6 krukka går sund eit nytt bilete på at livet sloknar; krukka som ein skal henta vatn i, fell ned i brunnen av di heisegreia («hjulet») går sund.
7før støvet vender attende ¬til jorda,
og ånda går til Gud, ¬som gav henne. #3,20+
8Berre ideleg fåfengd, ¬seier Forkynnaren;
alt er fåfengd!
Ordtaka åt Forkynnaren
9Forkynnaren var ein vismann, og han gav folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak. 10Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant.
11Ord av vismenn ¬er som broddar,
fyndord i samling ¬trengjer inn som naglar.
Dei kjem frå ein ¬og same hyrdingen.
# 12,11 ein og same hyrdingen Gud. Sml. 1 Mos 49,24; Sal 23,1.
12Men elles, son min, ¬lat deg åtvara!
Det er ingen ende ¬på all bokskrivinga,
og mykje gransking ¬leitar på kroppen.
13Til sist ¬kan alt samlast i dette:
Ottast Gud, og hald hans bod!
Det bør alle menneske gjera. #Job 28,28
14For Gud ¬skal døma kvar gjerning,
halda dom over alt ¬som er løynt,
anten det er godt eller vondt. #11,9; 2 Kor 5,10

Currently Selected:

Forkynnaren 12: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy