YouVersion Logo
Search Icon

Høgsongen 2

2
Som lilja i dalane
1Ei rose frå Saron er eg,
ei lilje i dalane.
2«Som ei lilje mellom klunger,
så er min hugnad ¬mellom møyar.»
3Som ein apal ¬mellom trea i skogen,
så er min ven ¬mellom unge menn.
I hans skugge ¬er det hugnad å sitja,
hans frukt er søt i min munn.
Hans merke over meg er kjærleik
4Inn i vinhuset ¬har han ført meg;
hans merke over meg ¬er kjærleik.
5Styrk meg med druekaker,
kveik meg med eple!
For eg er sjuk av kjærleik.
6Hans venstre hand ¬er under mitt hovud,
med den høgre ¬femner han meg. #8,3
7Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer,
ved gasellane ¬og hindane i marka:
Vekk ikkje kjærleiken!
Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil! #3,5; 5,8; 8,4
Sjå, han kjem!
8Høyr, det er min ven.
Sjå der, han kjem
springande over heiane,
hoppande over haugane.
9Min ven er som gasellen,
han liknar den unge hjort.
Sjå, der står han ¬bortmed husveggen;
han glytter inn ¬gjennom gluggen
og ser inn mellom sprinklane.
10Min ven tek til ords ¬og seier:
Stå opp, min hugnad!
Kom ut, mi fagre møy!
11For sjå, vinteren er til endes,
regnet har kvorve.
12Blomane sprett på vollane;
songtida er komen,
og turteldua kurrar i landet.
13Frukta på vintreet raudnar,
og det angar av vintre i blom.
Stå opp, min hugnad!
Kom ut, mi fagre møy!
14Du mi due på berghylla,
i livd under flogbratte fjell,
lat meg få sjå din skapnad,
lat meg få høyra ditt mæle!
For di røyst er så mjuk
og din skapnad så fager. #1,15; 4,7
Vakta kjærleikens vingard!
15Fanga revane for oss,
dei små revane ¬som herjar i vingardane.
For no står våre vingardar ¬i blom.
Kom att, min ven!
16Min ven er min, og eg er hans,
han som gjæter mellom liljer. #6,3; 7,10
17Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr,
kom att, min ven!
Fly som gasellen ¬og den unge hjort
over balsam-angande fjell! #4,6; 8,14

Currently Selected:

Høgsongen 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy