YouVersion Logo
Search Icon

Høgsongen 3

3
1Om natta leita eg på lægjet
etter han ¬som leikar i min hug.
Eg leita, men fann han ikkje. #5,6
2«Eg vil opp ¬og gå ikring i byen
og leita på gater og torg
etter han som leikar ¬i min hug.»
Eg leita, men fann han ikkje.
3Eg møtte vaktmennene ¬som sveiv ikring i byen:
«Har de sett han ¬som leikar i min hug?» #5,7
4Eg hadde ikkje før gått frå dei,
så fann eg han ¬som leikar i min hug.
Eg tok tak i han ¬og sleppte han ikkje
før eg fekk han inn ¬i huset åt mor mi,
i koven åt ho som fødde meg. #8,2
5Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer,
ved gasellane ¬og hindane i marka:
Vekk ikkje kjærleiken!
Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil! #2,7+
Brudgomen kjem
6Kva er det som stig opp ¬frå øydemarka
som ei røyksøyle,
omfløymd av angande myrra ¬og røykjelse
og kræmarkrydder ¬av alle slag? #6,10; 8,5
7Sjå, det er Salomos berestol
med seksti kjemper ikring
av Israels djervaste menn. #3,7 Salomos berestol Brudgomen vert skildra som kong Salomo. Sml. 1,4.
8Alle er væpna med sverd
og vel røynde i strid.
Kvar mann ber sverd ved lend
til vern mot skræmsler i natta. #Sal 91,5
9Kong Salomo laga ein berestol
av tre frå Libanon.
10Stengene gjorde han av sølv
og ryggstøet av gull.
Sessen er kledd med purpur
og innsidene prydde med ler.
11Kom ut, Jerusalems døtrer!
Skoda kong Salomo, ¬Sions døtrer!
Sjå krona som mor hans
prydde han med ¬på bryllaupsdagen,
hans hjartans glededag.

Currently Selected:

Høgsongen 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy