YouVersion Logo
Search Icon

Mika 3

3
Mot dei griske hovdingane
1Eg sa: Høyr,
de Jakobs hovdingar,
de styresmenn i Israel!
Skulle ikkje de vita
kva som er lov og rett? #Hos 5,1
2Men de hatar det gode
og elskar det vonde.
De flår skinnet av folk
og riv kjøtet av knokane. #Am 5,15
3Dei et kjøtet av folket mitt,
flår skinnet av ¬og knuser beina deira.
Dei breier det ut som i ei gryte,
som kjøtet i ein kjel. #Sal 14,4
4Når dei så ropar til Herren,
svarar han ikkje.
Han løyner sitt åsyn for dei
for deira vonde åtferd skuld. #Jes 1,14f; Jer 11,11; Am 8,12
Mot dei falske profetane
5Så seier Herren ¬om dei profetane
som fører folket mitt vilt,
som forkynner fred og lukke
berre dei får noko å tyggja på,
men lyser heilag krig mot dei
som ikkje gjev dei ¬munnen full: #Jer 6,14; Esek 13,10.16
6Difor skal det koma over dykk
ei natt utan syner
og mørker utan spådom.
Sola skal gå ned for profetane
og dagen svartna ikring dei.
7Då skal sjåarane ¬verta til skammar,
spåmennene stå der ¬med vanære.
Dei skal løyna skjegget, ¬alle saman,
for det kjem ikkje svar ¬ifrå Gud. #3,7 løyna skjegget teikn på sorg og skam.#3 Mos 13,45
8Men eg, eg er full av styrke,
av Herrens Ande, ¬av rett og kraft,
så eg kan tala til Jakob ¬om hans brot,
til Israel om hans synd. #Jes 58,1
Jerusalem og templet skal falla
9Høyr dette, ¬de hovdingar i Jakobs ætt,
de styresmenn i Israel,
de som styggjest ved rettferd
og krøkjer det som er rett, #Am 5,7
10som byggjer Sion ¬med bloddåd
og Jerusalem med urett! #3,10 byggjer Sion med bloddåd Dei fine bygningane er reiste for midel som er vunnen med underkuing og urett. Sml. Am 3,10.15.#Hab 2,12
11Der dømer hovdingen ¬for betaling,
presten tek løn for å læra,
og profeten spår for pengar.
Likevel stør dei seg til Herren ¬og seier:
«Er ikkje Herren ¬midt imellom oss?
Det hender ikkje oss ¬noko vondt.» #Esek 22,26f; Sef 3,3f
12Difor skal Sion ¬– for dykkar skuld –
pløyast som ein åker.
Jerusalem skal verta ¬ei steinrøys
og tempelberget ¬ein skogkledd ås. #Jer 26,11

Currently Selected:

Mika 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy