YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 1

1
Helsing
1Paulus, som etter Guds vilje er Jesu Kristi apostel, og Timoteus, bror vår, helsar Guds kyrkjelyd i Korint og alle dei heilage i heile Akaia. #1,1 Akaia romersk provins som omfatta den sørlege delen av Hellas.#1 Kor 1,1; 1 Tim 1,2+ 2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!#Rom 1,7+
Takk til Gud som gjev trøyst
3Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, den Far som er rik på miskunn, den Gud som har all trøyst å gje. #Ef 1,3; Rom 15,5 4Han trøystar oss i all vår naud, så vi kan trøysta dei som er i naud, med den trøyst vi sjølve får av Gud. 5For liksom Kristi lidingar i rikt mål kjem over oss, så vert vi òg i rikt mål trøysta ved Kristus. #Sal 94,19 6Lid vi vondt, er det for at de skal få trøyst og frelse. Vert vi trøysta, er det for at de skal få den trøyst som gjer at de held ut i dei same lidingar som vi må tola. 7Og vår von for dykk er fast. For vi veit at liksom de har del i lidingane, har de òg del i trøysta.
8Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om alt det vonde vi laut lida i Asia. Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera; vi tvila jamvel på om vi kunne berga livet. #Apg 19,23; 1 Kor 15,32 9Vi kjende oss alt som dødsdømde, for vi skulle ikkje lita på oss sjølve, men på Gud som reiser opp dei døde. #Rom 4,17 10Men han berga oss frå den visse død, og han skal atter gjera det. Til han har vi sett vår von, og han skal berga oss på nytt. #2 Tim 4,18 11Og de må koma oss til hjelp med bønene dykkar. Når mange bed, vil det frå mange munnar stiga opp takk for Guds nådige hjelp og for alt det han har gjort for oss.#Rom 15,30+
Forsvar mot kritikk
12For det kan vi rosa oss av og seia med godt samvit: Vi har ferdast her i verda, og ikkje minst mellom dykk, i ein heilagdom og reinleik som er av Gud. Vi har ikkje late oss leia av menneskeleg visdom, men av Guds nåde. #Hebr 13,18; 1 Kor 1,17 13For det ligg ikkje noko anna i det vi skriv til dykk, enn det de kan lesa og skjøna. Og eg vonar at de fullt ut skal læra å skjøna 14det som de nok har forstått ein del av, at vi skal vera dykkar ære liksom de skal vera vår på vår Herre Jesu dag.#1 Kor 1,8; Fil 2,16; 1 Tess 2,19
15I tillit til dette var det at eg ville koma til dykk fyrst, så de endå ein gong skulle få oppleva nåden. 16Eg ville vitja dykk både på ferda til Makedonia og på vegen attende derifrå, og så kunne de gje meg det eg trong på ferda til Judea. 17Var dette ansvarslaus framferd? Eller legg eg planar ut frå menneskelege omsyn, så eg seier både ja og nei på same tid? 18Så visst som Gud er trufast: Det vi seier til dykk, er ikkje samstundes ja og nei. #1 Kor 1,9 19For Guds Son, Jesus Kristus, som vi har forkynt for dykk, eg og Silvanus og Timoteus, han var ikkje ja og nei; i han var det berre ja. #Apg 18,5 20For så mange som Guds lovnader er, i han har dei fått sitt ja. Difor seier vi òg ved han vårt Amen, Gud til ære. 21Men den som gjer både oss og dykk faste i trua på Kristus, og som har salva oss, det er Gud. #1 Joh 2,20.27 22Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarto våre.#1,22 segl Gud har sett sitt merke på menneske til teikn på at dei høyrer han til. #1,22 pant Anden gjev visse for at dei skal få arven i Guds rike. Sjå 5,5; Ef 1,13f.#Rom 8,16.23; 2 Kor 5,5; Ef 1,13f; 4,30
23Eg tek Gud til vitne – han som rår for livet mitt: Det er for å spara dykk at eg enno ikkje er komen til Korint. #Rom 1,9 24Ikkje så at vi vil vera herrar over trua dykkar, for de er faste i trua. Men vi er medarbeidarar som vil gjera dykk glade.#1 Pet 5,3

Currently Selected:

2. Korintar 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy