YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 16

16
Innsamling til kyrkjelyden i Jerusalem
1Når det gjeld innsamlinga til dei heilage, skal de gjera det på same måten som eg gav påbod om til kyrkjelydane i Galatia. #Rom 15,25ff+ 2Fyrste dagen i veka skal kvar av dykk leggja til sides heime hjå seg sjølv det han får lukke til, så innsamlinga ikkje skal ta til fyrst når eg kjem. #Apg 20,7+ 3Når eg så kjem, skal eg senda dei som de har valt til det, med brev, og dei skal føra gåva dykkar til Jerusalem. #2 Kor 8,19 4Og skulle det syna seg best at eg òg reiser, kan dei fara saman med meg.
Nokre ord til slutt og helsingar
5Eg kjem til dykk når eg har vore i Makedonia; for Makedonia skal eg gjennom. #Apg 19,21 6Men hjå dykk vert eg nok verande ei tid, kanskje vinteren over. Så kan de rusta meg ut til ferda vidare, kvar ho så går. 7Denne gongen vil eg ikkje koma til dykk berre for nokre dagar, men eg vonar å kunna stogga ei tid, om Herren gjev meg lov. 8I Efesos vil eg drya til pinse. #Apg 19 9Her står døra vidopen for meg til ei rik verksemd, og det er mange motstandarar.#Apg 14,27; 2 Kor 2,12; Kol 4,3; Op 3,8
10Når Timoteus kjem, må de syta for at han kan kjenna seg trygg hjå dykk. Han gjer Herrens gjerning liksom eg. #4,17 11Difor skal ingen sjå ned på han. Hjelp han i veg, og lat han fara med fred, så han kan koma til meg. Eg og brørne ventar på han.#1 Tim 4,12
12Når det gjeld Apollos, bror vår, har eg bede han inderleg at han må fara til dykk saman med dei andre brørne. Men han er slett ikkje viljug til å reisa no; han kjem så snart han får høve til det. #1,12 13Ver vakne, og stå faste i trua! Ver djerve og sterke! #Ef 6,10 14Lat alt de gjer, gå føre seg i kjærleik!
15Endå ein ting legg eg dykk på hjarta, brør. De veit at huslyden til Stefanas var dei fyrste som vart vunne i Akaia, og at dei har vigt seg til å tena dei heilage. #1,16 16De òg må retta dykk etter slike som dei, og etter kvar medarbeidar som gjer si gjerning. #1 Tess 5,12f 17Eg gleder meg over at Stefanas og Fortunatus og Akaikus er komne. Det har vege opp saknet av dykk. 18For dei har sett nytt mot både i meg og dykk. Menn som dei skal de syna vørdnad.
19Kyrkjelydane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska og kyrkjelyden som samlast heime hjå dei, helsar dykk hjarteleg i Herrens namn. #Rom 16,3ff+ 20Alle brørne her sender si helsing. Helsa kvarandre med ein heilag kyss!#Rom 16,16+
21Eg, Paulus, skriv mi helsing med eiga hand. #Gal 6,11; Kol 4,18; 2 Tess 3,17; Filem 19 22Om nokon ikkje elskar Herren, han vere bannstøytt! Marana ta! #16,22 Marana ta arameisk bønerop som tyder: Kom Herre! Sjå Op 22,20.#Gal 1,8f; Op 22,20 23Herren Jesu nåde vere med dykk! 24Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.

Currently Selected:

1. Korintar 16: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy