YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 2

2
Forlik og tilgjeving
1Eg hadde sett meg føre at eg ikkje ville koma til dykk og valda dykk sorg ein gong til. #12,21 2For om eg valdar dykk sorg, då gjer eg nett dei sorgfulle som kunne gjera meg glad. 3Og just difor var det eg skreiv. Eg ville ikkje koma og få sorg av dei som skulle gjera meg glad. Og eg har den tiltru til dykk alle at mi glede er dykkar glede. #2,3 eg skreiv eit brev som vi ikkje har, skrive etter 1 Kor. 4I stor naud og med angst i hjarta skreiv eg til dykk, og mange tårer felte eg. Det var ikkje for å gjera dykk sorgfulle eg skreiv, men for at de skulle skjøna kor glad eg er i dykk.#Apg 20,31
5Sant nok, det er ein som har valda sorg. Likevel er det ikkje meg han har gjort sorg, men dykk alle – meir eller mindre, for ikkje å seia for mykje. 6Men den mannen har fått straff nok i og med det som dei fleste la på han. 7No må de heller tilgje og trøysta han, så han ikkje skal gå under i endå tyngre sorg. #Luk 17,3f; Kol 3,13 8Difor bed eg dykk at de må møta han med kjærleik. 9Dette var òg grunnen til at eg skreiv. Eg ville vita om de held mål og er lydige i alt. 10Den som de tilgjev, han tilgjev eg òg. Ja, om eg i det heile har noko å tilgje, så har eg for Kristi åsyn tilgjeve det for dykkar skuld, 11så vi ikkje skal verta dåra av Satan. For vi veit kva han vil.#Luk 22,31; Ef 4,27
Alltid på sigersferd
12Då eg kom til Troas og skulle forkynna Kristi evangelium, fann eg ei open dør i arbeidet mitt for Herren. #1 Kor 16,9+ 13Men eg var uroleg fordi eg ikkje fann Titus, bror min. Difor bad eg farvel med dei og fór til Makedonia. #Tit 1,4+ 14Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigersferd i Kristus og ved oss spreier kunnskapen om seg som ein ange på kvar stad. #2,14 sigersferd, ange Etter ein siger kunne ein romersk hærførar dra inn i Roma i eit storslege triumftog, med krigsfangar som ofte bar røykjelseskar, så angen av røykjelse spreidde seg rundt dei som drog inn. 15For vi er Kristi gode ange for Gud, mellom dei som vert frelste, og mellom dei som går fortapt; #1 Kor 1,18 16for dei som går fortapt, ein ange av død til død, for dei som vert frelste, ein ange av liv til liv.
Kven er vel dugande til dette? #Luk 2,34 17Vi er i alle fall ikkje lik dei mange som forfalskar Guds ord og driv handel med det. Men med rein hug, sende av Gud og for Guds åsyn talar vi i Kristus.#4,2; 11,13

Currently Selected:

2. Korintar 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy