YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 3

3
Tenarar for ei ny pakt
1Tek vi no atter til å gje oss sjølve lovord? Eller treng vi, som visse andre, tilrådingsbrev frå dykk eller til dykk? #5,12; 10,12ff 2Nei, de er sjølve vårt tilrådingsbrev, skrive i hjarto våre, kjent og lese av alle menneske. #1 Kor 9,2 3For de syner dykk som Kristi brev, eit brev som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i menneskehjarto.#2 Mos 24,12; Jer 31,33; Esek 11,19
4Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, #2,16 6han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. #Matt 26,28+; Joh 6,63; Rom 7,6 7Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv. #2 Mos 34,29f 8Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? 9For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom. #Rom 1,17; 3,21 10Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. 11For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande?
12Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. #2 Mos 34,33ff 14Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. #Rom 10,4; 11,7ff.25 15Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. #Rom 11,23.26 17Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. #Joh 4,24; 8,36; Rom 8,2 18Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.#Rom 8,29

Currently Selected:

2. Korintar 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy