Sefanja 2
N11NN
2
Søk Herren
1Samla dykk! Kom saman,
du folk utan skam,
2 # 1,7+.14f+ før det som er fastsett, blir sett i verk
og dagen fyk bort som agner,
før Herrens brennande vreide kjem over dykk,
før Herrens vreidedag kjem over dykk!
3 # Jes 55,6; Joel 2,14; Am 5,4.6 Søk Herren,
alle de audmjuke i landet,
de som følgjer hans bod!
Søk rettferd, ver audmjuke,
så finn de kanskje ly
Herrens vreidedag.
Dom over andre folkeslag
4Gaza skal liggja folketomt
og Asjkalon bli ei øydemark.
Asjdod skal drivast bort midt på lyse dagen
og Ekron rykkjast opp.
5Ve dykk kretarar som bur ved kysten!
Dette er Herrens ord mot dykk:
«Kanaan, du filistarland,
eg legg deg i øyde så ingen kan bu der.
6Kysten skal bli til beitemark
med brønnar for gjetarane
og kveer for småfeet.»
7 # 5 Mos 30,3; Jer 29,14; Sef 3,20 Dei som er att av Judas hus,
skal ha kysten som beiteland.
Om kvelden skal dei leggja seg til kvile
i husa i Asjkalon.
For Herren deira Gud skal sjå til dei,
han skal venda deira lagnad.
8Eg høyrde spott frå Moab
og hån frå ammonittane
då dei spotta folket mitt
og briska seg mot landet.
9 # 1 Mos 19,24ff Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:
Så sant eg lever,
skal det gå Moab som Sodoma
og ammonittane som Gomorra;
dei skal bli ei tistelmark,
ei saltgruve,
ei øydemark for alltid.
Dei som er att av folket mitt,
skal plyndra dei,
ein rest av folket skal ta dei i eige.
10Dette får dei att for sitt overmot,
fordi dei spotta og såg ned på
folket til Herren over hærskarane.
11 # Mi 5,12; Sak 13,2 Herren vekkjer frykt hos dei
når han utryddar alle gudane på jorda.
Alle folkeslag frå fjerne kystar
skal koma og tilbe han, kvar frå sin stad.
12De òg, kusjittar,
skal gjennomborast av mitt sverd.
13Han lyfter handa mot nord
og øydelegg Assur.
Han gjer Ninive til øydemark,
tørr som ein ørken.
14 # Jes 13,21f; 34,11.13; Jer 50,39 Midt i henne skal buskapar kvila
og alle slag ville dyr.
Pelikan og hegre skal sova
på søylehovuda
og ugla tuta frå vindauga,
på dørstokken skal ramnen sitja.
Sederpanelet blir rive av.
15 # Jes 47,8; Klag 2,15; Nah 3,19 Dette er den jublande byen,
ho som låg så trygt og sa i sitt hjarte:
«Eg – og ingen annan!»
Kor aud ho har vorte,
ein kvileplass for villdyr!
Alle som dreg forbi,
plystrar hånleg til henne
og slår ut med hendene.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk