Sefanja 1

1
1 # 2 Kong 22,1f; Jer 1,1f Herrens ord som kom til Sefanja, son til Kusji, son til Gedalja, son til Amarja, son til Hiskia, i dei dagane då Josjia, son til Amon, var konge i Juda.
Dommen over Jerusalem
2Eg riv bort,
alt riv eg bort frå jorda,
seier Herren.
3 # Jer 4,23ff; 12,4; Hos 4,3 Eg riv bort både menneske og dyr,
fuglane under himmelen og fiskane i havet,
eg lèt dei urettferdige snubla.
Eg utryddar menneska frå jorda,
seier Herren.
4 # 2 Kong 23,4f Eg lyfter handa mot Juda,
mot alle som bur i Jerusalem.
Eg utryddar frå denne staden
alt som er att av Baal,
og namnet til avgudsprestane
saman med prestane.
5 # 5 Mos 4,19; 2 Kong 21,3; Jer 8,2; 19,13 # 1,5 himmelhæren =himmelske vesen. Milkom hovudguden i Ammon. Eg utryddar dei som tilbed
himmelhæren på taka,
dei som tilbed Herren og sver ved han
og samtidig sver ved Milkom,
6 # Jes 1,4 og dei som vender Herren ryggen,
som ikkje søkjer Herren
og ikkje spør han til råds.
7 # Jes 34,6; Hab 2,20; Op 19,17f Ver still for Herren Gud,
for Herrens dag er nær!
Herren har laga til eit slaktoffer,
han har helga dei han har bode inn.
8På dagen for Herrens slaktoffer
skal eg straffa fyrstar og kongssøner
og alle som kler seg i framand drakt.
9Eg skal straffa
alle som spring over dørstokken den dagen,
dei som fyller sin Herres hus med vald og svik.
10 # 2 Kong 22,14 # 1,10 Fiskeporten i Jerusalem, truleg mot nord, der dei venta at fienden kom. Jf. Neh 3,3. Den dagen, seier Herren,
skal det høyrast skrik frå Fiskeporten,
jammer frå Nybyen
og eit høgt klagerop frå høgdene.
11 # 1,11 Nedrebyen hebr. Maktesj, ukjend bydel. Hyl, de som bur i Nedrebyen,
for heile kremmarfolket er gjort til inkjes,
utrydda er alle som vog opp sølv.
12På den tida skal
eg gjennomsøkja Jerusalem med lys
og straffa mennene der,
dei som sit sløve i sin vinrus
og seier i sitt hjarte:
«Herren gjer korkje godt eller vondt.»
13 # 5 Mos 28,30f; Am 5,11; Mi 6,15 Det dei eig, skal plyndrast
og husa deira øydeleggjast.
Byggjer dei hus, får dei ikkje bu i dei,
plantar dei vinmarker, får dei ikkje drikka vinen.
Herrens dag er nær
14 # Jes 13,9ff; Esek 30,3; Joel 1,15; 3,19 Nær er Herrens store dag;
han er nær og kjem med hast!
Høyr, beisk er Herrens dag,
då ropar krigaren høgt.
15 # Jer 30,7; Joel 2,2.10f; Am 5,18ff Ein vreidedag er den dagen,
ein dag med naud og trengsle,
ein dag med øydelegging og herjing,
ein dag med mørker og dimme,
ein dag med skyer og skodde,
16ein dag med hornlåt og hærrop
mot festningsbyar,
mot høge borgtårn.
17Då vil eg senda trengsle
så folk går som i blinde,
for dei har synda mot Herren.
Blodet deira skal tømmast ut som slam
og innvolane deira som møkk.
18 # Job 20,20; Ordt 11,4; Esek 7,2ff Sølv og gull kan ikkje berga dei
Herrens vreidedag.
Elden frå hans lidenskap skal øyda heile jorda.
For han utryddar,
ja, han gjer brått ende på
alle som bur på jorda.

Markert nå:

Sefanja 1: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring