Titus 3
N11NN

Titus 3

3
Gjenføding og fornying
1 # Ordt 8,15; Joh 19,11; Rom 13,1ff; 1 Tim 2,1f; 1 Pet 2,13f Minn dei om at dei skal underordna seg styresmaktene, retta seg etter dei og vera villige til å gjera alt som er godt. 2#Fil 4,5 Dei må ikkje tala stygt om andre eller skapa strid, men vera milde og tolsame mot alle menneske. 3#1 Kor 6,11; Ef 2,1ff; 5,8 For vi var òg ein gong uvituge og ulydige, vi fór vill og var slavar under mange slag lyster og ønske. Vi levde i vondskap og misunning, vi vart hata, og vi hata kvarandre.
4 # 1,3; 2,10 Men det vart openberra
kor god vår Gud og frelsar er,
og kor han elskar menneska:
5 # Joh 3,5; Apg 22,16; 1 Kor 6,11; Ef 5,26; 2 Tim 1,9 # 3,5 badet som gjenføder =dåp. Han frelste oss,
ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar,
men fordi han er miskunnsam.
Han frelste oss
ved badet som gjenføder
og fornyar ved Den heilage ande,
6 # Joel 3,1 som han så rikeleg har aust ut over oss
ved Jesus Kristus, vår frelsar,
7 # Rom 3,24; Ef 1,7; 2,8 så vi skulle bli rettferdige ved hans nåde
og bli arvingar til det evige livet, som er vår von.
8 # 1 Tim 1,15 Dette er eit truverdig ord, og eg vil at du skal prenta inn det eg har sagt, så dei som er komne til tru på Gud, skal vera opptekne av å gjera gode gjerningar. Alt dette er godt og nyttig for menneska. 9#1 Tim 1,4+; 2 Tim 2,23 Men tåpelege stridsspørsmål, ættetavler og strid og krangel om spørsmål i lova skal du snu ryggen til; slikt er unyttig og meiningslaust. 10#Matt 18,15ff; Rom 16,17+ Ein vranglærar skal du tala til rette både ein gong og to gonger, og så visa han frå deg. 11#1 Tim 6,4f For du veit at eit slikt menneske er på avvegar. Han syndar og har dømt seg sjølv.
Sluttord
12 # Apg 20,4; Ef 6,21; Kol 4,7; 2 Tim 4,12 # 3,12 Nikopolis Det fanst fleire byar med dette namnet, men denne låg truleg på vestkysten av Hellas. Når eg sender Artemas eller Tykikos til deg, må du skunda deg og koma til meg i Nikopolis. Der har eg tenkt å vera vinteren over. 13#Apg 18,24; 1 Kor 1,12; 3,5f; 16,12 Sjå til at Zenas, den lovlærde, og Apollos blir utrusta til reisa, så dei ikkje manglar noko. 14#Matt 7,19; Tit 2,14 Også våre folk må læra å gjera gode gjerningar og hjelpa når det trengst, så livet deira ikkje skal vera utan frukt.
15Alle som er hos meg, helsar deg. Hels alle som i trua elskar oss. Nåden vere med dykk alle!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.