Titus 2

2
Kristen livsferd
1 # 2,1–10 Denne delen av brevet har trekk frå dei såkalla hustavlene. =hustavler. # 1,9 Men du skal forkynna i samsvar med den sunne læra 2#1 Tim 5,1f at eldre menn skal vera edruelege, fara verdig og forstandig fram og vera sunne i både trua, kjærleiken og tolmodet. 3#1 Tim 3,11 Like eins at eldre kvinner skal leva som det sømer seg for heilage: at dei ikkje skal fara med sladder eller vera avhengige av mykje vin, men vera rettleiarar i det gode, 4så dei kan læra dei unge kvinnene å elska mann og born, 5#Ef 5,22 leva sømeleg og reint, ta ansvar for heimen og underordna seg mennene sine, så Guds ord ikkje skal bli spotta.
6På same måten skal du formana dei unge mennene til å vera stødige 7#1 Tim 4,12; 1 Pet 5,3 i all si ferd. Ver sjølv eit førebilete i gode gjerningar! Lat undervisinga di vera uforfalska og boren fram med alvor, 8#2 Tim 4,3+; 1 Pet 2,15 og lat forkynninga di vera sunn og ulasteleg, så kvar motstandar må skjemmast fordi han ikkje har noko vondt å seia om oss.
9 # Ef 6,5; Fil 2,12; Kol 3,22; 1 Tim 6,1; 1 Pet 2,18 Slavane skal du formana til å underordna seg herrane sine i alt og retta seg etter dei utan å seia imot. 10Dei må ikkje stikka noko til sides, men alltid vera ærlege og trufaste, så dei i eitt og alt kan vera til pryd for Guds, vår frelsars lære.
11 # Luk 3,6; Tit 3,4f For Guds nåde er openberra til frelse for alle menneske. 12#1 Joh 2,15f Og hans nåde oppdreg oss til å seia nei til alt ugudeleg og til verdslege lyster og leva i sjølvtukt, rettferd og gudsfrykt i den verda som no er, 13#1 Kor 1,7+; Fil 3,20; 1 Pet 1,3 medan vi ventar på vårt sæle håp: at vår store Gud og frelsar Kristus Jesus skal koma i herlegdom. 14#2 Mos 19,5; Gal 1,4; 2,20; 1 Tim 2,6; 1 Pet 2,9#2,14 løysa oss ut Uttrykket blir ofte brukt om å kjøpa fri slavar fri med løysepengar. =slektssamfunn og justis. For Kristus gav seg sjølv for oss. Han ville løysa oss ut frå all urettferd og reinsa oss, så vi kan vera hans eige folk, som med iver gjer gode gjerningar. 15#1 Tim 4,12 Dette skal du forkynna, og med kraft skal du formana og visa til rette. Lat ingen sjå ned på deg!

Markert nå:

Titus 2: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring