Salmane 75
N11NN

Salmane 75

75
1 # 75,1 korleiaren >4,1. Øydelegg ikkje >57,1. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein salme av Asaf. Ein song.
2Gud, vi prisar og takkar deg.
Vi kallar på ditt namn
og fortel om dine underfulle verk.
3 # 9,9+ «Eg har fastsett ei tid
då eg skal halda rettferdig dom.
4 # Job 38,4ff; Sal 46,3f Jorda og alle som bur der, kan vakla,
men eg har gjort hennar søyler faste.» Sela
5 # 75,5 horna bilete på styrke og siger. Eg sa til dei som skryter: «Skryt ikkje!»
og til dei urettferdige: «Kneis ikkje med horna!
6Lyft ikkje horna mot det høge,
gjer ikkje nakken bratt og talen frekk!»
7For i aust og i vest og i ørkenen
er det er ingen som kan reisa opp.
8 # 1 Sam 2,7f Men det er Gud som dømmer.
Éin bøyer han ned, og éin reiser han opp.
9 # 60,5+ Herren har eit beger i handa
med skummande, krydra vin.
Han skjenkjer i av vinen,
og alle urettferdige på jorda må drikka,
jamvel botnfallet må dei tømma.
10Eg vil alltid fortelja om dette,
spela og syngja for Jakobs Gud.
11«Eg høgg av kvart horn på dei lovlause,
men dei rettferdiges horn skal få kneisa.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk