Salmane 52

52
1Til korleiaren. Ein læresalme. Av David, 2#1 Sam 22,9f då edomitten Doeg kom og fortalde Saul at David hadde teke inn i Ahimeleks hus.
3 # 138,8; Klag 3,22f Du mektige, kvifor skryter du av det vonde?
Guds miskunn varer dagen lang.
4 # 57,5; Jak 3,6 Du legg planar som er til skade.
Tunga er lik ein kvass kniv.
Ho fer med svik.
5 # Jer 4,22 Du elskar vondt meir enn godt,
løgna meir enn sanne ord. Sela
6Du elskar kvart ord som gjer skade,
du svikefulle tunge.
7 # 52,7 landet til dei levande >27,13. Difor skal Gud slå deg ned for alltid,
ta deg og riva deg ut av ditt telt.
Han skal rykkja deg opp med rot,
bort frå landet til dei levande. Sela
8Dei rettferdige skal sjå det og frykta,
dei skal le av han:
9 # 49,7+ «Sjå på han. Han gjorde ikkje Gud til sitt vern,
men sette si lit til sin store rikdom
og brukte sin styrke til å skada.»
10 # 1,3+ Men eg er som eit oliventre,
grønt og frodig i Guds hus.
Eg set mi lit til Guds miskunn, til evig tid.
11Eg vil alltid prisa deg fordi du greip inn.
Med dine trugne set eg mi von til ditt namn,
for det er godt.

Markert nå:

Salmane 52: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på