Salmane 35
N11NN

Salmane 35

35
1Av David.
Herre, strid mot dei som strider mot meg.
Kjemp mot dei som kjempar mot meg!
2Grip rundskjold og langskjold,
reis deg og hjelp meg!
3Ta spyd og stridsøks fram
mot dei som jagar meg.
Sei til meg: «Eg er di frelse!»
4 # 6,11+ Lat dei som står meg etter livet,
bli til spott og skam.
Lat dei som tenkjer ut vondt imot meg,
dra seg attende med skam!
5 # 1,4+ Gjev dei må bli som agner for vinden
når Herrens engel støyter dei bort.
6 # Jer 23,12 Gjev deira veg blir mørk og glatt
når Herrens engel jagar dei.
7For utan grunn har dei spent ut sitt garn,
utan grunn har dei grave ei fallgrav for meg.
8 # 7,16+ Måtte ulukka koma uventa over han.
Måtte garnet han spente ut, fanga han sjølv.
Måtte han falla i ulukke!
9 # 13,6 Men eg skal jubla i Herren
og gleda meg over hans frelse.
10Kvart bein i kroppen skal seia:
«Herre, kven er som du,
du bergar den hjelpelause
frå den som er sterkare enn han,
ein fattig stakkar
frå den som ranar han.»
11 # 27,12; Matt 26,60; Apg 6,13 Falske vitne reiser seg,
dei spør meg om slikt eg ikkje veit.
12 # 38,21; 109,5 Dei løner godt med vondt,
eg sit att åleine.
13 # Rom 12,15 # 35,13 sekkestrie >30,12. Men eg kledde meg i sekkestrie då dei var sjuke.
Eg plaga meg med faste
og bad med hovudet bøygd
14som for ein ven eller bror.
Lik ein som sørgjer over mor si,
gjekk eg nedbøygd i svarte klede.
15Men når eg snåvar,
blir dei glade og samlar seg.
Dei samlar seg mot meg for å slå
utan at eg veit om det,
dei riv og slit utan stans.
16 # Job 16,9; Sal 37,12 Ugudelege som dei er,
spottar og håner dei,
dei skjer tenner mot meg.
17 # 22,21 Herre, kor lenge vil du sjå på?
Berg mitt liv frå herjingane deira,
det einaste eg har, frå løvene!
18 # 22,23+ Eg vil prisa deg i den store forsamlinga,
i folkemengda vil eg lova deg.
19 # 69,5; Joh 15,25 Lat ikkje mine svikefulle fiendar
gleda seg over meg!
Dei som hatar meg utan grunn,
skal ikkje få senda meg hånlege blikk.
20For dei talar ikkje venleg,
men tenkjer ut svikefulle planar
mot dei stille i landet.
21Dei sperrar opp munnen imot meg
og ler hånleg: «Vi har sett det med eigne auge!»
22 # 22,12+ Du ser det, Herre. Tei ikkje!
Herre, ver ikkje langt borte frå meg!
23 # 7,7+ Vakna og hjelp meg til min rett,
min Gud og Herre, før mi sak!
24Døm meg etter di rettferd, Herre, min Gud.
Lat dei ikkje gleda seg over meg!
25Dei skal ikkje le og tenkja: «Som vi ønskte!»
Dei skal ikkje seia: «Vi har slukt han.»
26 # 6,11+ Alle som gler seg over mi ulukke,
skal bli til spott og skam.
Dei som ser ned på meg,
skal kle seg i skam og vanære.
27 # 40,17 Dei som bryr seg om min rett,
skal jubla og gleda seg.
Alltid skal dei seia: «Stor er Herren,
som ønskjer fred for sin tenar.»
28Mi tunge skal forkynna di rettferd
og lovprisa deg heile dagen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk