Salmane 34

34
1 # 34,1 Abimelek Det er tenkt på Akisj, kongen i Gat. Jf. 1 Sam 21,10–15. Av David, då han bar seg som galen hos Abimelek, så han vart jaga bort og gjekk sin veg.
Alef
א
2 # 104,33; 146,2 # 34,2 Sal 34 er ein alfabetsalme. >25,1. Eg vil velsigna Herren til alle tider,
alltid lovsyngja han med min munn.
Bet
ב
3 # Jer 9,24; 1 Kor 1,31 Eg er stolt over Herren,
lat dei hjelpelause høyra det og vera glade.
Gimel
ג
4Pris Herren saman med meg,
lat oss æra hans namn!
Dalet
ד
5Eg søkte Herren, og han svara meg,
frå alt som skremde, berga han meg.
He
ה
6Vend blikket mot han og strål av glede,
så skal de aldri raudna av skam!
Zajin
ז
7Den hjelpelause ropa, og Herren høyrde,
han frelste han frå alle trengsler.
Het
ח
8 # 1 Mos 32,1f; Sal 91,11f Herrens engel slår leir
rundt dei som ottast han.
Han friar dei ut.
Tet
ט
9 # 2,12+ Smak og sjå at Herren er god!
Sæl er den som søkjer tilflukt hos han.
Jod
י
10 # 1 Sam 12,24; Sal 23,1; 33,18f+ Frykt Herren, de hans heilage!
Dei som ottast han, lid inga naud.
Kaf
כ
11Unge løver lid naud og svelt;
men dei som søkjer Herren,
manglar aldri det som godt er.
Lamed
ל
12 # Ordt 1,7f Kom hit, born, høyr på meg!
Eg vil læra dykk frykt for Herren.
Mem
מ
13 # 1 Pet 3,10f Er du ein som har glede av livet,
som elskar å sjå gode dagar?
Nun
נ
14Hald då tunga borte frå det som er vondt,
og leppene borte frå svikefull tale.
Samek
ס
15 # 37,27; Jes 1,16f; Rom 12,18; Hebr 12,14 Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode.
Søk fred og jag etter han!
Ajin
ע
16 # 1 Sam 2,8; Job 36,7; Sal 113,7f Herrens auge følgjer dei rettferdige,
hans øyre høyrer deira rop.
Pe
פ
17 # Job 18,17; Sal 9,7; Ordt 10,7 Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde,
han skal utrydda minnet om dei frå jorda.
Tsade
צ
18Dei rettferdige ropar, og Herren høyrer,
han bergar dei ut or alle trengsler.
Qof
ק
19 # 51,19; 147,3; Jes 57,15; 66,2 Herren er nær hos dei som har eit sundbrote hjarte,
han frelser dei som har ei knust ånd.
Resj
ר
20Mange ulukker rammar den rettferdige,
men Herren friar han ut av dei alle.
Sjin
ש
21 # 91,12; Joh 19,36 Han tek vare på kvart bein i hans kropp,
ikkje eitt av dei skal brytast.
Taw
ת
22Ulukke drep den lovlause,
dei som hatar den rettferdige, blir straffa.
23 # 37,33 Men Herren bergar livet til sine tenarar,
ingen som søkjer tilflukt hos han, blir straffa.

Markert nå:

Salmane 34: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på