Salmane 130
N11NN

Salmane 130

130
1 # 40,3+ Ein song til festreisene.
Frå djupet ropar eg til deg, Herre.
2Herre, høyr mi røyst!
Vend øyret til mitt rop om nåde.
3 # 143,2 Dersom du, Herre, vil gøyma på synder,
Herre, kven kan då bli ståande?
4 # Jes 55,7; Dan 9,9 Men hos deg er tilgjeving,
så vi skal frykta deg.
5 # 27,14+ Eg set mi von til Herren, eg lengtar,
eg ventar på hans ord.
6Mi sjel ventar på Herren
meir enn vaktmenn på morgonen,
vaktmenn på morgonen.
7Vent på Herren, Israel!
For hos Herren er miskunn
og kraft til å løysa ut.
8 # Matt 1,21 Han skal løysa Israel ut
frå alle deira synder.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk