Salmane 129

129
1 # 118,13 Ein song til festreisene.
Hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,
skal Israel seia,
2hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,
men dei har ikkje vunne over meg.
3På ryggen min har plogmenn pløgd
og drege lange fòrer.
4Men Herren er rettferdig,
reipa til dei urettferdige har han hogge av.
5Måtte alle som hatar Sion,
dra seg tilbake med skam!
6 # Jes 37,27 Måtte dei bli lik gras på taket,
som visnar før ein får slege det.
7Den som haustar det, får ikkje handa full,
den som samlar, får ikkje fanget fylt,
8dei som fer framom, seier ikkje:
Herrens velsigning vere over dykk!
Vi velsignar dykk i Herrens namn!

Markert nå:

Salmane 129: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring