Salmane 123

123
1 # 9,8+; 121,1f Ein song til festreisene.
Til deg lyfter eg mine auge,
du som tronar i himmelen.
2Som auga til tenarar følgjer handa til herrane,
som auga til tenestekvinna følgjer handa til husfrua,
slik følgjer auga våre Herren vår Gud
heilt til han viser oss nåde.
3Ver nådig mot oss, Herre, ver nådig!
For vi er meir enn mette av forakt,
4meir enn mette av hån frå dei sjølvsikre
og forakt frå dei hovmodige.

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring

;