Salmane 122

122
1Ein song til festreisene. Av David.
Eg vart glad då dei sa til meg:
«Vi vil gå til Herrens hus.»
2Føtene våre står
i portane dine, Jerusalem.
3 # 48,13f Jerusalem, du er bygd
som ein heil og samla by!
4 # 2 Mos 23,17; 5 Mos 16,16 Dit dreg stammane opp,
Herrens stammar!
Det er ei lov for Israel
å prisa Herrens namn.
5 # 5 Mos 17,8ff # 122,5 troner for dommarar Jerusalem var sentrum for rettsstellet i landet. Ja, der står troner for dommarar,
kongsstolar for Davids hus.
6 # 51,20 Bed om fred for Jerusalem!
Må dei som elskar deg, leva trygt!
7Må fred råda innanfor dine vollar,
tryggleik i dine borger!
8For mine brør og vener skuld
vil eg seia: «Fred over deg!»
9For tempelet skuld,
Herren vår Guds hus,
vil eg ønskja deg det gode.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på