Salmane 111
N11NN

Salmane 111

111
1 # 9,2 # 111,1 Sal 111 er ein alfabetsalme. >25,1. Halleluja!
Alef
א
Eg vil takka Herren av heile mitt hjarte
Bet
ב
i dei rettvises råd og forsamling.
Gimel
ג
2 Herrens gjerningar er store,
Dalet
ד
alle som elskar dei, grundar på dei.
He
ה
3Høgt og herleg er hans verk,
Waw
ו
hans rettferd varer til evig tid.
Zajin
ז
4 # 105,5 Han har skapt seg eit namn ved sine under,
Het
ח
Herren er nådig og mild.
Tet
ט
5 # 34,10f+; 105,8; 106,45 Han gjev mat til dei som fryktar han,
Jod
י
han minnest si pakt til evig tid.
Kaf
כ
6Han viste sitt folk kor mektig han var
Lamed
ל
då han gav dei det andre folk eigde.
Mem
מ
7 # 19,8+ Sanning og rett er hans henders verk,
Nun
נ
pålitelege er alle hans bod,
Samek
ס
8 # Jes 40,8 dei er grunnfeste for evige tider,
Ajin
ע
dei skal haldast i sanning og rettvise.
Pe
פ
9 # 105,10+ Han gav folket fridom
Tsade
צ
og fastsette si pakt for evig.
Qof
ק
Namnet hans er heilagt, det vekkjer frykt.
Resj
ר
10 # Ordt 1,7; 9,10 Å frykta Herren er opphav til visdom,
Sin
alle som gjer det, har god forstand.
Taw
ת
Hans lovsong varer til evig tid.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk