Salmane 110
N11NN

Salmane 110

110
1 # Matt 22,44; Apg 2,34f; 1 Kor 15,25; Hebr 1,13 # 110,1 min herre kongen. >2,2. Av David. Ein salme.
Herren seier til min herre:
«Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
som skammel for dine føter!»
2 # 2,6ff Frå Sion retter Herren ut ditt mektige septer.
Du skal herska mellom dine fiendar!
3 # Mi 5,6 # 110,3 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Din ungdoms dogg … fang =Septuaginta har «På heilage fjell har eg fødd deg som dogg or morgonròdens morsliv». Folket ditt møter villig fram
den dagen du viser di kraft.
Din ungdoms dogg kjem til deg
i heilag prakt, or morgonròdens fang.
4 # 1 Mos 14,18; Hebr 7,11ff # 110,4 Melkisedek konge og prest i Salem (Jerusalem) på Abrahams tid. Herren har svore og angrar det ikkje:
«Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.»
5 # 2,5.9 Herren er ved di høgre hand,
han knuser kongar på sin vreidedag.
6 # 45,4ff+ Han held dom over folkeslag, det er fullt av lik,
han knuser hovud vidt over jord.
7Han drikk av bekken ved vegen,
difor lyfter han hovudet høgt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk