Salmane 109
N11NN

Salmane 109

109
1Til korleiaren. Av David. Ein salme.
Eg lovsyng deg, Gud, tei ikkje!
2 # 52,4ff; 55,22 For lovlause og svikefulle opnar sin munn mot meg.
Dei talar til meg med løgn på tunga,
3omringar meg med hatefulle ord
og strider mot meg utan grunn.
4Elskar eg, svarar dei med klagemål.
Likevel bed eg.
5 # 35,12+ Dei gjev meg vondt for godt,
hat for kjærleik.
6 # Sak 3,1 Send ein lovlaus mot han,
lat ein klagar stå fram ved hans høgre side!
7 # Ordt 28,9 Lat han gå domfelt frå retten,
lat hans bøn bli halden for synd!
8 # Apg 1,20 Lat hans dagar bli få
og ein annan overta hans oppdrag!
9Lat borna hans bli farlause,
kona hans bli enkje!
10Lat borna flakka omkring og tigga,
gå tiggargang frå øydelagd heim.
11Lat ein långjevar ta alt han eig,
framande plyndra frukta av hans strev.
12Lat ingen visa han miskunn
eller visa nåde mot hans farlause born.
13 # 21,11; 37,38 Lat etterkomarane hans bli utrydda
og namna strokne i neste slektsledd.
14 # 2 Mos 20,5 Måtte Herren minnast hans fedrars skuld,
synda til mor hans må ikkje strykast ut.
15 # 34,17 Måtte Herren alltid ha dei for auga
og utrydda minnet om dei frå jorda.
16 # Jak 2,13 For han tenkte aldri på å visa miskunn,
men jaga dei hjelpelause, fattige og motlause
for å drepa dei.
17Han elska å forbanna,
lat forbanning koma over han!
Han ville ikkje velsigna,
lat velsigning flykta frå han!
18Han kledde seg i forbanning som kappe.
Lat henne trengja inn i han som vatn,
inn i knoklane som olje.
19Lat henne bli som kleda han tek på,
som eit belte han alltid ber!
20Lat dette vera Herrens løn
til dei som klagar meg
og talar vondt om meg.
21 # 69,17 Du, Gud Herre,
gjer slik med meg for ditt namn skuld.
Di miskunn er god, berg meg!
22 # 40,18+ For eg er hjelpelaus og fattig,
hjartet mitt er såra.
23 # 102,12 Eg kverv som skuggane når dei blir lange mot kveld;
eg blir rist av som ei grashoppe.
24Knea sviktar fordi eg fastar,
eg blir mager, det er ikkje feitt på kroppen.
25 # 22,8 Eg har vorte til spott,
dei rister på hovudet når dei ser meg.
26Hjelp meg, Herre, min Gud,
frels meg i di miskunn
27så dei forstår at det kjem frå di hand,
at du har gjort dette, Herre!
28 # 4 Mos 24,10 Dei forbannar, men du velsignar.
Dei reiser seg, men blir til skamme.
Din tenar skal gleda seg.
29 # 6,11+ Lat dei som klagar meg, kle seg i vanære
og sveipa seg i skam som i ei kappe!
30 # 22,23+ Eg vil prisa Herren med høg røyst,
midt blant dei mange vil eg lovsyngja han.
31 # 16,8 For han står ved den fattiges høgre side
og hjelper han mot dei som dømmer.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.