Ordtaka 23

23
1Når du sit til bords med ein herskar,
tenk vel over kven du har framfor deg,
2og set ein kniv på strupen
om matlysta blir for stor.
3Ha ikkje lyst på dei lekre rettene hans,
for det er svikefull kost.
4Slit deg ikkje ut for å bli rik!
Hald opp med det, forstandig som du er.
5Når du ser etter rikdomen, er han borte;
brått får han venger
og flyg mot himmelen som ei ørn.
6Et ikkje mat hos ein som er gjerrig,
ha ikkje lyst på dei lekre rettene hans!
7For han er slik han tenkjer inst inne.
Han seier nok til deg: «Et og drikk»,
men hjartet hans er ikkje med deg.
8Den biten du har ete, må du kasta opp att,
dine venlege ord er bortkasta.
9 # 9,8; Matt 7,6 Snakk ikkje til ein dåre,
han foraktar dine kloke ord.
10 # 22,28+ Flytt ikkje gamle grensesteinar,
gå ikkje inn på farlauses grunn!
11 # Sal 72,12–14; Ordt 22,23 # 23,11 løysingsmann Når nokon vart nøydd til å selja jorda si, hadde den næraste slektningen, løysingsmannen, plikt til å kjøpa henne tilbake. Gud vil sjølv vera løysingsmann for den fattige. Jf. 3 Mos 25,24ff; Rut 4,1–6. =slektssamfunn og justis. For dei har ein sterk løysingsmann,
og han skal føra saka dei har mot deg.
12Opna hjartet ditt for formaning
og øyret for forstandige ord!
13 # 13,24 Lat ikkje guten vera utan formaning!
Gjev du han ris, skal han ikkje døy.
14Når du slår han med riset,
bergar du han frå dødsriket.
15 # 10,1+ Son min, har du visdom i hjartet,
blir det òg glede i hjartet mitt.
16Nyrene mine jublar
når leppene dine seier det som er rett.
17 # Sal 37,1–4; Ordt 3,31 Ditt hjarte skal ikkje misunna syndarar,
men alltid med iver frykta Herren!
18 # 24,14 Då har du ei framtid,
ditt håp er ikkje ute.
19 # 9,6 Høyr no, son min, og bli vis,
styr hjartet inn på rette vegar!
20 # 21,17 Ver ikkje blant dei som drikk seg fulle på vin
og fråtsar i kjøt.
21For drankaren og fråtsaren blir fattige,
den søvndrukne blir kledd i filler.
22 # 1,8 Høyr på far din, som gav deg livet,
sjå ikkje ned på di gamle mor!
23 # 4,5.7 Kjøp deg sanning og sel henne ikkje,
kjøp visdom, formaning og innsikt!
24 # 10,1+ Ein far jublar høgt over ein rettferdig son,
den som får ein vis son, blir glad.
25Ver til glede for far din og mor di,
lat henne som fødde deg, jubla.
26Son min, gjev meg ditt hjarte,
lat auga sjå med glede på mine vegar!
27 # 22,14 Ei hore er ei djup grav,
ei framand kvinne er ein trong brønn.
28 # 7,12 Ja, ho ligg på lur som ein røvar
og aukar talet på trulause menn.
29 # 20,1+ Kven ropar akk, kven ropar ve,
kven må krangla, og kven må klaga?
Kven har utan grunn fått sår,
og kven har sløve auge?
30Jau, dei som sit lenge oppe over vinen,
dei som kjem for å smaka på kryddervinen.
31Sjå ikkje på vinen, kor raud han er,
kor fint han blenkjer i kruset,
og kor lett han renn ned.
32Til sist bit han som ein slange,
han høgg som ein orm.
33Då ser auga dine underlege ting,
og hjartet snakkar tull og tøv.
34Det er som var du midt ute på havet
og sov høgt oppe i riggen.
35«Dei slo meg, men det gjorde ikkje vondt.
Dei banka meg, men eg kjende det ikkje.
Når skal eg vakna?
Eg vil ha meir å drikka!»

Markert nå:

Ordtaka 23: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring