Ordtaka 24

24
1 # 3,31; 23,17 Misunn ikkje vonde menneske,
lengt ikkje etter å vera saman med dei!
2For hjartet deira tenkjer på vald,
og leppene talar om ulukke.
3 # 14,1 Med visdom blir huset bygd,
og med innsikt blir det reist.
4 # 21,20 Med kunnskap blir romma fylte
av dyre og fine skattar.
5 # 21,22 Ein mann som er vis, har styrke,
den som har kunnskap, er full av kraft.
6 # 11,14+ Legg planar før du fører krig,
når mange gjev råd, vinn du siger.
7 # 24,7 byporten >1,21. Visdomen heng for høgt for den dumme,
i byporten opnar han ikkje sin munn.
8Den som legg vonde planar,
blir kalla renkesmed.
9Påfunna til den dumme er synd,
spottaren møter avsky blant folk.
10 # Job 4,5 Mistar du motet på den dagen du er i naud,
har du òg mista din styrke.
11 # 31,8; Jes 58,6 Berg dei som blir førte til døden,
hald att dei som vaklar mot rettarstaden!
12 # 1 Sam 16,7; Ordt 17,3+ Seier du: «Vi visste det ikkje»,
så ser han det, han som prøver hjarta.
Han som vaktar livet ditt, veit det
og gjev kvar og ein att etter det han har gjort.
13Et honning, son min, for den er god,
flytande honning er søt for ganen.
14 # 23,18 Og vit at slik er visdomen for sjela.
Finn du den, har du ei framtid,
ditt håp er ikkje ute.
15 # Sal 10,9; 37,32 Ligg ikkje på lur som ein urettferdig
der den rettferdige bur,
legg ikkje heimen hans øyde!
16 # Sal 37,24; Mi 7,8; Matt 18,21f Sju gonger kan den rettferdige falla
og reisa seg att,
men dei urettferdige snublar i det som er vondt.
17 # Job 31,29 Gled deg ikkje når fienden din fell,
hjartet skal ikkje jubla når han snublar.
18Då vil Herren sjå på det med uvilje
og venda vreiden sin bort frå han.
19 # Sal 37,1; 73,2f # 24,19 lovlause Det hebr. ordet kan òg omsetjast «skuldig» og «urettferdig», jf. v. 24. Ver ikkje harm på dei som gjer vondt,
og misunn ikkje dei lovlause!
20 # Sal 73,18f; Ordt 13,9 For dei vonde har inga framtid,
lampa til dei urettferdige sloknar.
21 # 1 Pet 2,17 Frykt Herren og kongen, son min!
Slå deg ikkje saman med dei som vil forandra.
22For brått kan ulukka ramma dei.
Kven veit kva slag øydelegging dei to kan senda?
Fleire ord frå dei vise
23 # 18,5; 28,21 Dette òg er ord av dei vise:
Det er gale å gjera skilnad på folk i retten.
24Seier nokon til ein skuldig:
«Du er uskuldig»,
vil folk forbanna han
og folkeslag fordømma han.
25Men dei som dømmer rett, går det vel,
lukke og velsigning kjem over dei.
26Eit ærleg svar
er eit kyss på leppene.
27Fullfør arbeidet ute,
gjer deg ferdig på åkeren,
så kan du byggja deg hus.
28 # 19,5+ Ver ikkje utan grunn vitne mot nesten din,
så du svik han med leppene dine.
29 # 20,22 Sei ikkje: «Som han har gjort mot meg,
slik vil eg gjera mot han;
eg vil gje han att etter det han har gjort.»
30Eg gjekk forbi ein lat manns åker,
langs vinmarka til eit menneske utan forstand.
31Sjå, der var det fullt av nesler,
grunnen var overgrodd med tistlar,
og steingjerdet var nedrive.
32Eg la merke til dette og la meg det på hjartet,
eg tok lærdom av det eg såg.
33 # 6,10f «Litt søvn, litt kvile
med hendene i fanget,
34så kjem fattigdomen på deg som farande fant
og nauda som velvæpna mann.»

Markert nå:

Ordtaka 24: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring