Ordtaka 2
N11NN

Ordtaka 2

2
Visdomen som vern mot det vonde
1Son min, om du tek imot orda mine
og gøymer boda mine hos deg
2så ditt øyre lyttar til visdom
og du opnar hjartet for forstand,
3ja, om du kallar på innsikt
og ropar høgt etter forstand,
4 # 8,11; Matt 13,44–46 om du søkjer etter han som var det sølv,
leitar som etter ein skatt,
5 # 1,7+ då skal du læra å frykta Herren,
finna ut kva det er å kjenna Gud.
6 # Job 28,23ff; 32,8; Fork 2,26 For det er Herren som gjev visdom,
frå hans munn kjem kunnskap og forstand.
7 # 1 Mos 15,1; 5 Mos 33,29; Sal 3,4 Han samlar opp klokskap til dei rettskafne,
er eit skjold for den som er heil i si ferd.
8Han vernar rettens stigar
og vaktar vegen hans trugne går.
9Då skal du skjøna ærlegdom, rettferd og rett,
alle gode vegar.
10Visdom skal koma inn i hjartet ditt,
kunnskap skal gjera deg glad,
11omtanke skal vakta deg,
forstand verna deg
12og berga deg frå vegen åt dei vonde,
dei som vrengjer og vrid på alt dei seier,
13frå dei som forlèt dei rette stigane
og går på mørke vegar.
14Dei gleder seg når dei gjer noko vondt,
jublar over det som er vondt og vrangt.
15Krokete er stigane deira,
dei går på ville vegar.
16 # 5,3; 6,24; 7,5; 22,14 Visdomen skal fria deg frå ei anna kvinne,
ei framand kvinne med glatte ord,
17 # 2,17 pakta kan visa til ekteskapslovnaden, som òg er ei pakt med Gud. Jf. Mal 2,14. ho som har svike sin ungdoms ven
og gløymt pakta med sin Gud.
18 # 5,5; 7,27; 9,18 Huset hennar søkk ned i døden,
til daudingar ber hennar vegar.
19Dei som går inn til henne, vender aldri attende,
dei når ikkje fram til livsens stigar.
20Difor skal du gå der dei gode ferdast,
og halda deg på stigar dei rettferdige går.
21 # Sal 37,9.29; Matt 5,5 For dei rettskafne skal bu i landet,
den som er heil, skal få vera der.
22 # Job 18,17; Sal 104,35; Ordt 10,30 Men dei urettferdige skal ryddast ut frå landet
og svikarane rivast bort.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk