Ordtaka 3

3
Truskap mot Herren og boda hans
1 # 5 Mos 4,40; 30,16; Sal 119,11 Son min, gløym ikkje mi rettleiing,
ta vare på mine bod i hjartet!
2For dei vil gje deg mange år og eit langt liv
og overflod av fred.
3 # 5 Mos 6,6–9; 11,18; Ordt 6,21; 7,3 # 3,3 Bind dei om halsen som eit verdfullt smykke. Lat aldri godleik og truskap fara!
Bind dei om halsen,
skriv dei på hjartetavla!
4 # Luk 2,52 Då får Gud og menneske velvilje for deg
og ser ditt gode vit.
5 # Sal 37,5; Ordt 28,26 Lit på Herren av heile ditt hjarte,
støtt deg ikkje på eiga innsikt.
6Ha han i tankar kvar du ferdast,
så gjer han stigane dine jamne.
7 # Jes 5,21; Rom 12,16 Ver ikkje vis i eigne auge,
frykt Herren og vend deg bort frå det vonde!
8Det blir til helse for kroppen,
ein styrkedrikk for merg og bein.
9 # 2 Mos 23,19 Æra Herren med det du eig,
med førstegrøda av all di avling.
10 # 5 Mos 28,8 Då blir di matbu rikeleg fylt,
pressekummane renn over av ny vin.
11 # Job 5,17; Hebr 12,5 Son min, forakt ikkje Herrens formaning,
mist ikkje motet når han refsar.
12 # 5 Mos 8,5; Ordt 13,24; 19,18; Op 3,19 For den Herren elskar, refsar han,
slik ein far gjer med ein son han har kjær.
Visdomen er eit livsens tre
13 # Sal 1,1 # 3,13 Visdomen >1,20. Sæl er den som finn Visdomen
og vinn seg forstand!
14 # Job 28,15ff; Ordt 8,10.19 For meir er ho verd enn sølv,
ho gjev større vinning enn gull.
15 # Job 28,18; Ordt 8,11 Ho er meir verdfull enn perler,
av alle dine skattar er ingen som henne.
16Langt liv held ho i si høgre hand,
i si venstre rikdom og ære.
17På vegane hennar er det herleg å fara,
alle hennar stigar fører til fred.
18 # 3,18 Eit livsens tre Jf. 1 Mos 2,9; 3,22. Eit livsens tre er ho for dei som held fast ved henne,
lukkelege er dei som støttar seg til henne.
19 # 1 Mos 1,1ff; Job 26,7ff; Sal 33,6ff; Ordt 8,22ff Med visdom grunnla Herren jorda,
han grunnfeste himmelen med forstand.
20Ved kunnskapen hans vart djupa opna,
og skyene lét dogg drypa.
21Son min, ta vare på klokskap og omtanke,
slepp dei ikkje av syne!
22 # 1,9 Dei skal vera til liv for deg,
ei vakker kjede om halsen.
23 # Sal 91,12; Ordt 4,12 Då kan du vandra trygt på din veg
og ikkje støyta foten mot noko.
24 # Sal 3,6; 4,9 Du er ikkje redd når du går til ro,
og når du har lagt deg, søv du så godt.
25 # Sal 91,5 Du blir ikkje redd for uventa fare
når øydelegginga kjem for dei urettferdige.
26For Herren skal vera ved di side,
han skal vakta foten din for snara.
Ein god granne
27 # Matt 5,42 Når det står i di makt å gjera det gode,
skal du ikkje halda det tilbake
frå den som har rett på det.
28 # 3 Mos 19,18 Om du har noko, sei ikkje då til din neste:
«Kom att, i morgon skal du få!»
29Legg ikkje vonde planar mot din neste,
som trur det er trygt å vera grannen din.
30Trett ikkje med nokon utan grunn
når han ikkje har gjort deg vondt.
31 # 23,17; 24,1 Misunn ikkje ein valdsmann!
Hans vegar må du aldri velja.
32 # Sal 25,14 For Herren avskyr den som er falsk,
men talar fortruleg med dei rettskafne.
33 Herren forbannar huset til dei urettferdige,
men heimen til dei rettferdige velsignar han.
34 # Jak 4,6; 1 Pet 5,5 Spottarar svarar han med spott,
men dei audmjuke gjev han nåde.
35Dei vise arvar ære,
men dårar må bera si skam.

Markert nå:

Ordtaka 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring