Ordtaka 15

15
1 # 1 Sam 25,32f; Ordt 25,15 Eit mildt svar døyver sinne,
sårande ord vekkjer harme.
2 # 13,16; Fork 10,12; Jes 32,6 Vises tunge gjev god kunnskap,
men dårskap strøymer frå dårars munn.
3 # Sal 139,1ff; Ordt 5,21; Hebr 4,13 Herrens auge er alle stader,
dei vaker over vonde og gode.
4 # 12,18 Ei lækjande tunge er eit livsens tre,
ei falsk tunge knuser livsmotet.
5 # 10,17+ Den dumme foraktar formaning frå far sin,
klok er den som lèt seg visa til rette.
6Den rettferdiges hus rommar stor rikdom;
det den urettferdige vinn, fører til ulukke.
7Vises lepper strør ut kunnskap,
det gjer ikkje dårens hjarte.
8 # 1 Sam 15,22; Ordt 21,27+ Herren avskyr offer frå urettferdige,
bøn frå dei rettskafne har han glede i.
9 # 11,20 Herren avskyr vegen til den urettferdige,
men elskar den som jagar etter rettferd.
10 # 29,1 Streng straff får den som går bort frå stigen,
den som hatar tilrettevising, skal døy.
11 # Job 26,6 Dødsrike og avgrunn ligg opne for Herren,
kor mykje meir då menneskehjartet.
12 # 9,7f Spottaren mislikar å bli vist til rette,
han går ikkje til dei vise.
13 # 12,25 Glede i hjartet gjer andletet venleg,
sorg i hjartet gjer motlaus.
14 # 18,15 Eit klokt hjarte søkjer kunnskap,
men dårens munn lever av dårskap.
15For ein fattig er alle dagar vonde,
den fornøgde gjer kvar dag til ein fest.
16 # 16,8 Betre å ha lite og frykta Herren
enn å ha stor rikdom med uro attåt.
17 # 17,1 Betre er ein grønsakrett med kjærleik
enn oksesteik med hat attåt.
18 # 28,25; 29,22 Den som er sint, valdar trette,
den som er sein til vreide, får striden til å stilna.
19 # 22,13; 26,13 For den late er vegen som klungerkratt,
for dei rettskafne er stigen ein rydda veg.
20 # 10,1+ Ein klok son er til glede for far sin,
ein tåpeleg mann foraktar mor si.
21 # 10,23 Den vitlause har glede av dårskap,
den forstandige held rett kurs.
22 # 11,14+ Utan rådlegging mislukkast planane,
når mange gjev råd, skal dei lukkast.
23 # 16,1; 25,11 Glad blir den som kan gje svar.
Kor godt med eit ord i rette tid!
24For den forstandige fører livsvegen oppover,
slik slepp han unna dødsriket der nede.
25 # 5 Mos 19,14; 27,17 Herren riv huset ned for dei hovmodige,
men for enkjer lèt han grensesteinen stå.
26 Herren avskyr tankane til den vonde,
men venlege ord er reine.
27 # 17,23 Den som jaktar på vinning, set huset over styr,
den som nektar å la seg kjøpa, skal leva.
28Den rettferdige tenkjer før han talar,
men vondskap strøymer frå munnen på urettferdige.
29 # Jak 5,16 Herren er langt borte frå dei urettferdige,
men han høyrer bøna frå dei rettferdige.
30Strålande auge gleder hjartet,
god bodskap gjev merg i bein.
31 # 12,1; 13,18 Den som høyrer på rettleiing om livet,
får plass blant dei vise.
32 # 10,17+ Den som ikkje tek imot formaning, foraktar seg sjølv,
den som lèt seg visa til rette, kjøper seg innsikt.
33 # 1,7; 9,10 Frykt for Herren oppdreg til visdom,
å vera audmjuk er vegen til ære.

Markert nå:

Ordtaka 15: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på