Ordtaka 16

16
1 # 19,21 Menneskehjartet legg sine planar,
men svaret på tunga kjem frå Herren.
2 # 21,2; 24,12 Ein mann kan synast at hans ferd er rein,
men Herren prøver tankane.
3 # Sal 37,5 Legg alt du gjer, i Herrens hand,
så skal planane dine lukkast.
4 # Rom 9,19ff Herren skapte alt for eit føremål,
jamvel den urettferdige for ulukkedagen.
5 # 11,21f Herren avskyr den som har eit hovmodig hjarte,
når tida er inne, blir han straffa.
6 # 10,12 Med miskunn og truskap blir skuld sona,
den som fryktar Herren, vender seg bort frå det vonde.
7Den som går vegar som gleder Herren,
får fred jamvel med fiendane sine.
8 # 15,16 Betre å ha lite med rettferd
enn å få stor vinning med urett.
9 # 19,21 I hjartet tenkjer mannen ut sin veg,
men det er Herren som styrer stega hans.
10 # 1 Kong 3,9–28; Fork 8,1–4 På kongens lepper er rette svar,
han sviktar ikkje når han dømmer.
11 # 11,1+ Rett vekt og vektskål er Herrens sak,
kvart vektlodd i pungen er hans verk.
12 # 20,28; 25,5 Kongar avskyr lovlaus gjerning,
for ved rettferd skal trona tryggjast.
13Ærlege lepper er til glede for kongen,
han elskar den som talar rett.
14 # 20,2 Kongens harme ber bod om død,
men ein vis kan stilla harmen.
15 # 19,12 Når kongens andlet lyser, er livet berga.
Hans velvilje er som ei sky med vårregn.
16 # 3,14; 8,11.19 Å kjøpa visdom er betre enn gull,
å kjøpa innsikt er meir verdt enn sølv.
17Vegen for dei rettskafne er å venda seg bort frå det vonde,
den som aktar på si ferd, tek vare på livet.
18 # 11,2; 15,33; 18,12 Stormod kjem føre samanbrot,
hovmod føre fall.
19Betre å vera audmjuk med dei fattige
enn å dela bytte med dei stolte.
20 # Sal 2,12; Ordt 3,5f; 13,13; Jer 17,7f Den som handlar forstandig, skal finna det gode,
sæl er den som lit på Herren.
21Klok kallar dei den som har visdom i hjartet,
veltalande tunge gjev større lærdom.
22 # 13,14 Den som har vit, har ei kjelde til liv,
det er dumt å formana den dumme.
23Hjartet til den vise gjer munnen hans klok,
legg meir og meir lærdom på leppene hans.
24 # 12,25 Venlege ord er drypande honning,
søte for sjela og sunne for kroppen.
25 # 14,12 Ein veg som synest vera den rette,
kan likevel enda i døden.
26Svolten får arbeidaren til å slita,
hungeren driv han fram.
27 # Jak 3,6 Eit vondsinna menneske grev opp vondskap,
på leppene hans brenn det som eld.
28 # 17,9 Ein som er svikefull, valdar trette,
den som baktalar andre, skil ven frå ven.
29Valdsmannen lokkar sin neste
og fører han inn på ein veg som ikkje er god.
30 # 6,12f Han knip att auga, pønskar på svik;
han pressar leppene saman og set det vonde i verk.
31 # 3,2; 20,29 Grått hår er ei fager krone,
på rettferds veg er ho å finna.
32 # 25,28 Betre å vera sein til vreide enn å vera krigshelt,
betre å styra sitt sinn enn å ta ein by.
33Dei rister terningen i fanget,
korleis han fell, avgjer Herren.

Markert nå:

Ordtaka 16: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring