4. Mosebok 33
N11NN
33
Israels dagsmarsjar i ørkenen
1Desse dagsmarsjane gjorde israelittane då dei drog ut frå Egypt, hæravdeling for hæravdeling, leia av Moses og Aron. 2Herrens ord skreiv Moses opp dei stadene dei tok ut frå på dagsmarsjane sine. Og dette er dagsmarsjane, rekna frå dei stadene dei tok ut frå:
3 # 2 Mos 12,37; 14,8 Dei braut opp frå Ramses på den femtande dagen i den første månaden. Dagen etter påskehøgtida drog israelittane av stad med lyft hand, midt for auga på alle egyptarane. 4#2 Mos 12,12 Egyptarane heldt då på og gravla alle sine førstefødde, som Herren hadde slege i hel hos dei. Herren hadde òg halde dom over gudane deira.
5 # 2 Mos 12,37 Israelittane braut opp frå Ramses og slo leir i Sukkot. 6#2 Mos 13,20 Frå Sukkot braut dei opp og slo leir i Etam, som ligg i utkanten av ørkenen. 7#2 Mos 14,2 Frå Etam braut dei opp og tok ei anna lei mot Pi-Hahirot, som ligg midt imot Baal-Safon, og dei slo leir framfor Migdol. 8#2 Mos 14,22.29; 15,23 Frå Pi-Hahirot braut dei opp og gjekk gjennom sjøen og inn i ørkenen. Så gjekk dei tre dagar gjennom Etam-ørkenen og slo leir i Mara. 9#2 Mos 15,27 Frå Mara braut dei opp og kom til Elim. I Elim var det tolv vasskjelder og sytti palmetre, og dei slo leir der. 10Frå Elim braut dei opp og slo leir ved Sivsjøen.
11 # 2 Mos 16,1 Frå Sivsjøen braut dei opp og slo leir i Sin-ørkenen. 12Frå Sin-ørkenen braut dei opp og slo leir i Dofka. 13Frå Dofka braut dei opp og slo leir i Alusj. 14#2 Mos 17,1 Frå Alusj braut dei opp og slo leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. 15#2 Mos 19,1 Frå Refidim braut dei opp og slo leir i Sinai-ørkenen.
16 # 9,12ff; 11,34f Frå Sinai-ørkenen braut dei opp og slo leir i Kibrot-Hattaava. 17#11,35 Frå Kibrot-Hattaava braut dei opp og slo leir i Haserot. 18#12,16 Frå Haserot braut dei opp og slo leir i Ritma. 19Frå Ritma braut dei opp og slo leir i Rimmon-Peres. 20Frå Rimmon-Peres braut dei opp og slo leir i Libna. 21Frå Libna braut dei opp og slo leir i Rissa. 22Frå Rissa braut dei opp og slo leir i Kehelata. 23Frå Kehelata braut dei opp og slo leir ved Sjefer-fjellet. 24Frå Sjefer-fjellet braut dei opp og slo leir i Harada. 25Frå Harada braut dei opp og slo leir i Makhelot. 26Frå Makhelot braut dei opp og slo leir i Tahat. 27Frå Tahat braut dei opp og slo leir i Terah. 28Frå Terah braut dei opp og slo leir i Mitka. 29Frå Mitka braut dei opp og slo leir i Hasmona. 30Frå Hasmona braut dei opp og slo leir i Moserot. 31#5 Mos 10,6f Frå Moserot braut dei opp og slo leir i Bene-Jaakan. 32Frå Bene-Jaakan braut dei opp og slo leir i Hor-Hagidgad. 33Frå Hor-Hagidgad braut dei opp og slo leir i Jotbata. 34Frå Jotbata braut dei opp og slo leir i Abrona. 35Frå Abrona braut dei opp og slo leir i Esjon-Geber. 36#13,26; 20,1 Frå Esjon-Geber braut dei opp og slo leir i Sin-ørkenen, i Kadesj. 37#20,22 Frå Kadesj braut dei opp og slo leir ved Hor-fjellet, på grensa til Edom.
38 # 20,25ff; 5 Mos 10,6; 32,50 Aron, presten, gjekk på Herrens ord opp på Hor-fjellet, og der døydde han. Det var i det førtiande året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, den første dagen i den femte månaden. 39Aron var 123 år gammal då han døydde på Hor-fjellet.
40 # 21,1 Då kanaanearkongen i Arad, som budde i Negev i Kanaan, fekk høyra at israelittane kom, 41braut dei opp frå Hor-fjellet og slo leir i Salmona. 42Frå Salmona braut dei opp og slo leir i Punon. 43#21,10 Frå Punon braut dei opp og slo leir i Obot. 44#21,11 Frå Obot braut dei opp og slo leir i Ijje-Abarim på grensa til Moab. 45Frå Ijjim braut dei opp og slo leir i Dibon-Gad. 46Frå Dibon-Gad braut dei opp og slo leir i Almon-Diblatajim. 47Frå Almon-Diblatajim braut dei opp og slo leir ved Abarim-fjella, midt for Nebo.
48Då dei tok ut frå Abarim-fjella, slo dei leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. 49Leiren deira låg langsmed Jordan, frå Bet-Jesjimot til Abel-Sjittim på slettene i Moab.
50 Herren tala til Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Han sa: 51Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan-landet, 52#2 Mos 23,31ff; 34,12ff; 5 Mos 7,2ff skal de driva ut alle som bur i landet, og slå sund gudebileta deira. De skal gjera ende på alle bileta dei har støypt seg, og øydeleggja alle offerhaugane deira. 53Så skal de ta landet og busetja dykk der. For eg har gjeve landet til dykk så de kan ta det i eige. 54#26,54ff; Jos 14,1f De skal fordela landet mellom dykk ved loddkasting, slekt for slekt. Ei stor slekt skal få større eigedom og ei lita slekt mindre eigedom til arv. Kvar slekt skal få etter som loddet fell. De skal få arv innanfor den stammen som de høyrer til. 55#2 Mos 34,12.15f; Jos 23,13; Dom 2,3 Men driv de ikkje ut dei som bur i landet, då skal dei de sparer, bli tornar i auga og broddar i sida dykkar. Dei kjem til å gå til åtak på dykk inne i landet der de har slått dykk ned. 56Då skal eg gjera med dykk som eg hadde tenkt å gjera med dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk