4. Mosebok 27

27
Lov om arverett for døtrer
1 # 26,33; Jos 17,3ff No kom døtrene til Selofhad fram. Selofhad var son til Hefer, son til Gilead, son til Makir, son til Manasse, Josefs son. Døtrene heitte Mahla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa. 2Dei stilte seg opp framfor Moses og presten Elasar og leiarane og heile forsamlinga ved opninga til teltheilagdomen og sa: 3#14,29; 16,1ff «Far vår døydde i ørkenen, men han var ikkje med i den forsamlinga som sette seg opp mot Herren, Korahs forsamling. Han døydde på grunn av si eiga synd. Og han hadde ingen søner. 4Skal namnet til far vår gå ut av slekta fordi han ikkje hadde nokon son? Lat oss få eigedom saman med farbrørne våre!»
5 # 3 Mos 24,12 Moses la saka deira fram for Herren, 6og Herren sa til han: 7«Det er rett, det som døtrene til Selofhad seier. Gjev dei eigedom til arv saman med farbrørne deira, og lat farsarven gå over til dei! 8Sei til israelittane: Når ein mann døyr sonelaus, skal de la arven etter han gå over til dottera. 9Har han inga dotter heller, skal de gje arven til brørne hans. 10Og har han ikkje brør, skal de la farbrørne hans få arven. 11Men hadde ikkje far hans nokon bror, skal de gje arven etter han til den næraste slektningen hans. Då er den hans eigedom.» Dette skal vera lov og rett for israelittane, slik Herren påla Moses.
Josva blir innsett i tenesta
12 # 5 Mos 32,48f Herren sa til Moses: «Stig opp på Abarim-fjellet og sjå det landet eg har gjeve israelittane. 13#20,28 Når du har sett det, skal du òg bli sameina med folket ditt, slik som Aron, bror din, før deg. 14#20,12f.24 For de sette dykk opp mot mitt ord i Sin-ørkenen den gongen forsamlinga gjorde opprør. Då skulle de ha helga meg for auga på dei ved hjelp av vatnet.» – Det er Meriba-kjelda ved Kadesj i Sin-ørkenen.
15Moses sa til Herren: 16#16,22 «Må Herren, som er Gud over livsanden i alt som er av kjøt og blod, setja ein mann over forsamlinga, 17#Matt 9,36 ein som kan gå føre dei når dei dreg ut og når dei vender heim att, ein som kan føra dei ut og føra dei tilbake, så Herrens forsamling ikkje skal vera som sauer utan gjetar.»
18 # 1 Mos 41,38; 5 Mos 3,28; 31,7f; 34,9 Då sa Herren til Moses: «Ta Josva, son til Nun, ein mann som det er ånd i, og legg handa di på han! 19Før han fram for presten Elasar og for heile forsamlinga, og set han inn i tenesta medan dei ser på. 20Gjev han noko av den makta du sjølv har, så heile Israels forsamling må lyda han. 21#27,21 urim heilag gjenstand som vart brukt til å kasta lodd med for å finna Guds vilje. >2 Mos 28,30. =prest. Men han skal gå fram for presten Elasar, som skal bruka urim og søkja avgjerder for han for Herrens andlet. På hans ord skal dei dra ut, og på hans ord skal dei venda attende, han og alle israelittane saman med han, heile forsamlinga.»
22Moses gjorde som Herren påla han. Han tok Josva og førte han fram for presten Elasar og for heile forsamlinga. 23#8,10; Apg 13,3 Og Elasar la hendene på han og sette han inn i tenesta, slik som Herren hadde sagt gjennom Moses.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring