4. Mosebok 28

28
Lov om ofring på høgtidsdagar
1 Herren sa til Moses: 2Gjev israelittane dette påbodet og sei til dei: Mine offer av mat, gåveoffer til godange for meg, må de syta for å bera fram for meg til fastsett tid. 3Du skal seia til dei: Dette er gåveofferet som de skal bera fram for Herren: kvar dag to årsgamle lam utan feil. Det er det daglege brennofferet. 4Det eine lammet skal du ofra om morgonen, det andre skal du ofra i skumringa. 5Som grødeoffer skal du bera fram ein tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven. 6Dette er det daglege brennofferet, som først vart frambore ved Sinai-fjellet, eit gåveoffer til godange for Herren. 7Drikkofferet som høyrer til det første lammet, skal vera ein fjerdedels hin, eit offer sterk drikk som du heller ut for Herren i heilagdomen. 8Det andre lammet skal du ofra i skumringa, og du skal ofra det same grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.
9 # Matt 12,5 På sabbatsdagen skal du ofra to årsgamle lam utan feil, og som grødeoffer to tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje og drikkofferet som høyrer til. 10Dette er sabbats-brennofferet, eit brennoffer for kvar sabbat, i tillegg til det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.
11 # 1 Sam 20,5; Jes 1,13; Hos 2,11; Am 8,5 # 28,11 nymånedagane =festar og høgtider. På nymånedagane skal de bera fram brennoffer for Herren: to unge oksar, ein vêr og sju årsgamle lam utan feil. 12For kvar okse skal de som grødeoffer bera fram tre tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje, for den eine vêren to tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje 13og for kvart lam ein tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje. Det skal vera brennoffer til godange, eit gåveoffer for Herren. 14Drikkoffera som høyrer til, skal vera ein halv hin vin for kvar okse, ein tredjedels hin for vêren og ein fjerdedels hin for kvart lam. Dette er nymåne-brennofferet, som skal berast fram kvar nymånedag i året. 15Ein geitebukk skal de òg ofra som syndoffer til Herren, i tillegg til det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.
16 # 2 Mos 12,18; 3 Mos 23,5ff; 5 Mos 16,1ff Den fjortande dagen i den første månaden er det påske for Herren. 17Og frå den femtande dagen i same månaden er det høgtid. Då skal det etast usyra brød i sju dagar. 18Den første dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko tungt arbeid. 19Som gåveoffer, brennoffer for Herren, skal de bera fram to unge oksar, ein vêr og sju årsgamle lam, og dei må vera utan feil. 20Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for vêren 21og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma. 22Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer til soning for dykk. 23Dette skal de ofra i tillegg til den delen av det daglege brennofferet som blir frambore om morgonen. 24Slik skal de bera fram offer dagleg i sju dagar, som mat, som gåveoffer til godange for Herren. Det skal ofrast i tillegg til det daglege brennofferet, med drikkofferet som høyrer til. 25Den sjuande dagen skal det vera heilag samling for dykk. Då må de ikkje gjera noko tungt arbeid.
26 # 3 Mos 23,15ff På førstegrødedagen, når de feirar vekefesten og ber fram for Herren offer av den nye grøda, skal det vera heilag samling. Då må de ikkje gjera noko tungt arbeid. 27De skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: to unge oksar, ein vêr og sju årsgamle lam. 28Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for vêren 29og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma. 30Ein geitebukk skal de bera fram til soning for dykk. 31Dette skal de ofra i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til. Dyra må vera utan feil.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring