Matteus 25
N11NN

Matteus 25

25
Likninga om dei ti brudejentene
1 # Luk 12,35f # 25,1 for å møta brudgomen Veninnene til brura samla seg i heimen hennar. Om natta henta brudgomen brura og førte henne og veninnene til sin eigen foreldreheim, der dei heldt bryllaupet. Då kan himmelriket liknast med ti brudejenter som tok oljelampene sine og gjekk ut for å møta brudgomen. 2Fem av dei var uforstandige, og fem var kloke. 3Då dei uforstandige tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4Men dei kloke tok olje med seg i kanner saman med lampene sine. 5Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.
6Men midt på natta høyrdest eit rop: ‘Brudgomen kjem! Gå og møt han!’ 7Då vakna alle brudejentene og stelte lampene sine. 8Og dei uforstandige sa til dei kloke: ‘Gjev oss litt olje. Lampene våre sloknar.’ 9‘Nei’, svara dei kloke, ‘vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei som sel olje, og kjøp sjølve.’
10Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd. 11#Luk 13,25 Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa: ‘Herre, herre, lat opp for oss!’ 12#7,23 Men han svara: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.’
13 # 24,42 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
Likninga om talentane
(Luk 19,12–27)
14Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei det han eigde. 15#25,15 talent Ein talent svarar til 6000 drakmar eller dagløner. =mynt. Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje éin talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut av landet.
16Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. 17Han med to gjorde det same og tente to til. 18Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane frå herren sin.
19Då det hadde gått ei lang tid, kom herren heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. 20Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: ‘Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.’ 21#24,47; Luk 16,10 Då sa herren til han: ‘Bra, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’ 22Så kom han med to talentar fram og sa: ‘Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.’ 23‘Bra, du gode og trugne tenar!’ svara herren. ‘Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’
24Han som hadde fått ein talent, kom òg fram og sa: ‘Herre, eg visste at du er ein hard mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strødde ut. 25Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.’ 26Då sa herren til han: ‘Du dårlege og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strødde ut. 27Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. 28Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! 29#13,12; Mark 4,25; Luk 8,18; 19,26 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har. 30#8,12+ Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.’
Dommen
31 # Sak 14,5; Matt 16,27; 19,28; 1 Tess 4,16; 2 Tess 1,7 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på trona i sin herlegdom. 32#Esek 34,14; Matt 13,49; 2 Kor 5,10 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjetar skil sauene frå geitene, 33og setja sauene på si høgre side og geitene på si venstre.
34Så skal kongen seia til dei på høgre sida: ‘Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd. 35#Jes 58,7 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36#Hebr 13,2f; Jak 1,27; 2,15 eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’ 37Då skal dei rettferdige svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? 38Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? 39Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?’ 40#Ordt 19,17; Matt 10,42; 18,5 Men kongen skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.’
41 # 7,23; Mark 9,48; Jud 7; Op 20,10 Så skal han seia til dei på venstre sida: ‘Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans. 42For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; 43eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.’ 44Då skal dei svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?’ 45Men han skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.’ 46#Dan 12,2; Joh 5,29; Apg 24,15; 2 Kor 5,10 Så skal dei gå bort til evig straff, og dei rettferdige til evig liv.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk