Matteus 26

26
Jesu liding og død
(Kap. 26–27)
Samansverjing mot Jesus
(Mark 14,1–2; Luk 22,1–2)
1 # 7,28+ Då Jesus var ferdig med heile denne talen, sa han til læresveinane: 2#2 Mos 12,1ff «De veit at om to dagar er det påske; då skal Menneskesonen overgjevast til krossfesting.»
3 # Joh 11,47ff # 26,3 øvstepresten stod i brodden for prestane i Jerusalem og leidde Rådet. =prest. =Rådet, Det høge rådet. Overprestane og dei eldste i folket kom no saman i bustaden til øvstepresten, som heitte Kaifas, 4og vart samde om å gripa Jesus med list og slå han i hel. 5«Men ikkje under høgtida», sa dei, «for då kunne det bli uro i folket.»
Jesus blir salva i Betania
(Mark 14,3–9; Joh 12,1–8)
6Medan Jesus var i Betania, heime hos Simon den spedalske, 7#26,7 alabastkrukke liten parfymeflakong laga av eit gipsliknande materiale. dyr salve nardussalve laga av rota til nardusplanta, som veks i Søraust-Asia. Jf. Høgs 1,12; 4,13f; Mark 14,3; Joh 12,3. kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke med dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han låg til bords. 8Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik sløsing tena til? 9Denne salven kunne vore seld for mange pengar som kunne gjevast til dei fattige.» 10Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. 11#5 Mos 15,11 Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid. 12#Joh 19,40 Då ho slo denne salven ut over kroppen min, salva ho meg til gravferda mi. 13Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der dette evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»
Judas gjer avtale om å svika Jesus
(Mark 14,10–11; Luk 22,3–6)
14 # Joh 11,57 Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane 15#Sak 11,12; Matt 27,3ff#26,15 tretti sølvpengar svara til 120 dagløner for ein vanleg arbeidar. og sa: «Kva vil de gje meg om eg gjev han over til dykk?» Dei talde opp tretti sølvpengar til han. 16Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.
Det siste måltidet
(Mark 14,12–21; Luk 22,7–14.21–23)
17 # 2 Mos 12,14ff; 5 Mos 16,6 # 26,17 høgtida med usyra brød opphavleg ein jordbruksfest som varte ei veke og tok til med påska. =festar og høgtider. Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» 18Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’» 19Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.
20Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv. 21#Joh 13,21ff Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» 22Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» 23#Sal 41,10#26,23 dyppa Når jødane åt påskemåltidet, nytta dei ei felles skål, m.a. til å dyppa persille i saltvatn. Jf. Joh 13,26. Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. 24#Jes 53,9; Matt 18,7 For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.» 25Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus.
Nattverden
(Mark 14,22–25; Luk 22,15–20)
26 # Joh 6,53ff; 1 Kor 11,23ff # 26,26 takka her: bad takkebøna. Jf. 14,19. Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» 27Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! 28#2 Mos 24,8; Jes 53,12; Jer 31,31ff; Sak 9,11; Hebr 8,6+#26,28 paktblodet Blodet frå døden som ventar Jesus, blir samanlikna med blodet frå offerdyret, som i den gamle pakta stadfeste forsoninga mellom Gud og menneske. Jf. 2 Mos 24,8. Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. 29Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»
Jesus seier at Peter kjem til å fornekta han
(Mark 14,26–31; Luk 22,33–34)
30 # 26,30 lovsongen Sal 113–118, som vart sungen i to avdelingar under påskemåltidet. Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. 31#Sak 13,7; Joh 16,32 Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg. For det står skrive:
Eg skal slå gjetaren,
og sauene skal spreiast.
32 # 28,7.16 Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.» 33Peter tok til orde og sa: «Om så alle vender seg bort frå deg, skal eg aldri gjera det.» 34#Luk 22,34; Joh 13,38#26,34 før hanen gjel Til vanleg høyrest dei første hanegal ved tretida om morgonen. Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I natt, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» 35#26,69ff Men Peter sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg.» Det same sa alle dei andre læresveinane.
I Getsemane
(Mark 14,32–42; Luk 22,39–46)
36 # Joh 18,1 # 26,36 Getsemane av hebr. gat-sjemani, «olivenpresse». Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» 37#17,1; Mark 1,29; 3,16f; 5,37; 9,2; 13,3; 14,33#26,37 dei to Sebedeus-sønene apostlane Jakob og Johannes. Jf. 10,2; 17,1; 20,20. Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. 38#Sal 42,6.12; 43,5; Joh 12,27 Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39#Joh 6,38; Hebr 5,7f Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? 41#26,41 freisting kan òg omsetjast «prøving», «det å bli sett på prøve». >4,1. kjøtet gr. sarks, «kjøt». =kjøt, kjøt og blod. Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» 42#6,10; Joh 18,11 Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» 43Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. 44#2 Kor 12,8 Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. 45Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. 46#Joh 14,31 Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»
Jesus blir teken til fange
(Mark 14,43–50; Luk 22,47–53; Joh 18,2–11)
47Før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane og dei eldste i folket. 48Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta!» 49Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han. 50#26,50 Min ven, … gjort ditt kan òg oppfattast som eit spørsmål: «Ven, var det difor du kom?» eller som ei oppmoding: «Ven, gjer det du er her for». Men Jesus sa til han: «Min ven, no har du gjort ditt!» Då kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.
51Ein av dei som var med han, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han. 52#1 Mos 9,6; Op 13,10 Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For alle som grip til sverd, skal falla for sverd. 53#26,53 tolv legionar Den romerske hæravdelinga «legion» omfatta opptil 6000 mann. Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar? 54#Jes 53,5ff Men korleis kunne då skriftene bli oppfylte, dei som seier at dette må henda?» 55#Mark 14,49; Luk 19,47; 21,37; Joh 18,20 I same stunda sa Jesus til flokken som var komen: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag sat eg på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje. 56#26,31 Men alt dette har hendt for at profetskriftene skulle oppfyllast.»
Då forlét alle læresveinane han og rømde.
Jesus for Det høge rådet
(Mark 14,53–65; Luk 22,54–55.63–71; Joh 18,13–14.19–24)
57Dei som hadde teke Jesus til fange, førte han til øvstepresten Kaifas; der hadde dei skriftlærde og dei eldste samla seg. 58#26,58 vaktmennene truleg ei gruppe tenestemenn under Det høge rådet som stod til rådvelde for øvstepresten. Jf. «tempelvakta» Luk 22,4.52; Apg 4,1; 5,24. Peter følgde etter Jesus, eit langt stykke unna. Og då han kom til huset åt øvstepresten, gjekk han inn på gardsplassen og sette seg mellom vaktmennene for å sjå korleis det kom til å enda.
59 # 26,59 Rådet den høgste domstolen hos jødane og styringsorgan under romersk herredøme. =Rådet, Det høge rådet. Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden. 60Men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Til sist kom det to 61#Joh 2,19 som sa: «Denne mannen har sagt: ‘Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.’» 62Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Har du ikkje noko å seia til vitneutsegnene mot deg?» 63#Jes 53,7; Matt 16,16+; 22,41ff Men Jesus tagde. Då sa øvstepresten: «Eg tek deg i eid ved den levande Gud. Sei oss: Er du Messias, Guds Son?» 64#Sal 110,1; Dan 7,13f; Matt 24,30+#26,64 Den mektige ei omskriving for Gud. Jesus svara: «Du seier det sjølv. Men det seier eg dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma på himmelskyene.» 65#26,65 reiv … sund kleda uttrykk for sorg når Gud blir spotta. Jf. 1 Mos 37,29. =sørgjeskikkar. Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga. 66#3 Mos 24,16; Joh 19,7#26,66 skuldig til å døy Etter 3 Mos 24,16 skal ein som spottar Gud, steinast i hel. Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til å døy.» 67#Jes 50,6 Så spytta dei han i andletet og slo han med knyttnevane. Nokre slo han i andletet 68og sa: «No kan du vera profet for oss, Messias. Kven var det som slo deg?»
Peter fornektar Jesus
(Mark 14,66–72; Luk 22,56–62; Joh 18,15–18.25–27)
69Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei tenestejente bort til han og sa: «Du òg var saman med denne galilearen Jesus.» 70Men han nekta så alle høyrde det, og sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om.» 71Så gjekk han ut i portrommet. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.» 72Peter nekta på nytt og svor på det: «Eg kjenner ikkje den mannen!» 73Litt etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Jo visst er du ein av dei, du òg! Det kan ein høyra på målet ditt.» 74#26,34 Då sette han i å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen.» Straks gol hanen. 75Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.

Markert nå:

Matteus 26: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring