Matteus 11
N11NN

Matteus 11

11
Jesus svarar døyparen Johannes
(Luk 7,18–23)
1 # 7,28+ Då Jesus hadde fullført talen og sagt det han ville påleggja dei tolv læresveinane sine, drog han derifrå og tok til å undervisa og forkynna kring i byane.
2 # 4,12 I fengselet fekk Johannes høyra om alt Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: 3#3,11#11,3 den … koma =Messias. «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» 4Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:
5 # Jes 29,18f; 35,5; 61,1; Matt 15,30 Blinde ser, og lamme går,
spedalske blir reine, og døve høyrer,
døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.
6Sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»
Jesus vitnar om Johannes
(Luk 7,24–35)
7 # 3,5 Då dei gjekk bort, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden? 8Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i slotta hos kongane. 9#14,5; 21,26; Luk 1,76f Kva gjekk de då ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet! 10#Mal 3,1; Mark 1,2 Det er om han dette er skrive:
Sjå, eg sender min bodberar føre deg,
han skal rydda vegen for deg.
11Sanneleg, eg seier dykk: Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes. Men den minste i himmelriket er større enn han. 12#Mi 2,12f; Luk 16,16 Frå Johannes døyparens dagar og til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer på, riv det til seg. 13For heilt til Johannes kom, har alle profetane og lova tala om det som skulle henda. 14#Matt 17,10ff; Luk 1,17#11,14 Elia Ifølgje Mal 4,5 skulle Elia openberra seg i dei siste tider for å gje menneska høve til omvending. Døyparen Johannes gjekk kledd på same måten som profeten Elia. Jf. Matt 3,4; 2 Kong 1,8. Og om de vil ta imot det: Han er den Elia som skulle koma. 15#13,9.43; Mark 4,9.23; Luk 14,35; Op 2,7; 13,9 Den som har øyre, høyr!
16Men kva skal eg likna denne slekta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:
17‘Vi spela på fløyte for dykk,
men de ville ikkje dansa.
Vi song klagesongar,
men de ville ikkje sørgja.’
18 # 3,4; 9,14 For Johannes kom; han verken åt eller drakk, og folk seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’ 19#9,10ff; Luk 15,1f; 1 Kor 1,24.30#11,19 tollarar og syndarar >5,46. Visdomen … gjerningane hennar Visdomen kan framstillast som eit personleg vesen, gjerne som ei kvinne. Jf. Job 28,23–27; Ordt 8,12–36. Menneskesonen kom; han et og drikk, og dei seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’ – Men Visdomen har fått rett, det stadfester gjerningane hennar.»
Verop over byar i Galilea
(Luk 10,13–15)
20Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi dei ikkje hadde vendt om: 21#Jes 23,1ff; Esek 26–28; Am 1,9f; Sak 9,2ff#11,21 Tyros og Sidon bystatar på kysten av Fønikia ved Middelhavet. Står i evangelia som symbol på heidningverda og innbyggjarane der, som motsetning til Israel. Jf. Matt 15,21; Mark 3,8; Luk 6,17. sekk og oske viser til =sørgjeskikkar der ein kler seg i grov sekkestrie og strør jord eller støv på hovudet. «Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledd seg i sekk og oske. 22Men det seier eg dykk: På dommedag skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de. 23#1 Mos 19,24ff; Jes 14,13ff Og du, Kapernaum – skal du opphøgjast like til himmelen? Nei, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag. 24#10,15 Men det seier eg dykk: På dommedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.»
Sonen gjev kvile
(Luk 10,21–22)
25 # 1 Kor 1,26ff På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27#28,18; Joh 1,18; 3,35; 10,15; 13,3; 17,2.6f.25f; Fil 2,9 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 # Jer 31,25 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29#Jer 6,16 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30#1 Joh 5,3 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk