Malaki 1

1
1 # 1,1 Malaki tyder «mitt sendebod» el. «min engel». Jf. 3,1. Ein bodskap. Herrens ord til Israel gjennom Malaki.
Herrens kjærleik
2 # 1 Mos 25,23ff; Rom 9,13 «Eg elskar dykk», seier Herren.
Men de seier:
«Korleis elskar du oss?»
«Var ikkje Esau bror til Jakob?»
seier Herren.
«Eg elska Jakob,
3 # Jes 34,13 # 1,3 eigedomen Edom. men Esau hadde eg uvilje mot.
Eg gjorde fjella hans til ei audn,
eigedomen til ein ørken for sjakalar.»
4Edom seier: «Vi er knuste,
men byggjer ruinane opp att.»
Men så seier Herren over hærskarane:
«Dei byggjer opp, men eg riv ned.
Dei skal kallast landet av urett,
folket som Herren er harm på for alltid.»
5De skal sjå det med eigne auge,
og de skal seia: «Herren er stor,
ut over Israels grenser.»
Herrens dom over prestane
6 # 2 Mos 20,12; 5 Mos 32,6 Ein son heidrar far sin,
ein slave herren sin.
Er eg far, kvar er då min heider,
er eg herre, kvar er ærefrykt for meg?
seier Herren over hærskarane
til dykk prestar, de som viser forakt for mitt namn.
De seier: «Korleis har vi vist
forakt for namnet ditt?»
7De ber fram uverdig mat på altaret mitt.
De seier: «På kva måte
har vi handla uverdig mot deg?»
Ved å seia: «Herrens bord kan vi visa forakt.»
8 # 3 Mos 22,20ff; Mal 1,14 Når de ber fram eit blindt dyr til offer,
er ikkje det gale?
Når de kjem med eit dyr som er halt eller sjukt,
er ikkje det gale?
Kva om du kom med slikt til statthaldaren din?
Trur du han då set pris på deg
og tek venleg imot deg?
seier Herren over hærskarane.
9Og no, be om velvilje for Guds andlet
så han viser oss nåde.
Men når det kjem slikt frå dykkar hand,
kan han då ta venleg imot deg?
seier Herren over hærskarane.
10 # Jes 1,13; Jer 6,20; Am 5,21f Om berre nokon av dykk
ville stengja tempeldørene
så de ikkje til fånyttes kveikjer eld på mitt altar!
Eg har inga glede av dykk,
seier Herren over hærskarane,
eg set ikkje pris på offer
frå dykkar hand.
11 # Joh 4,21ff Frå der sol står opp til der sol går ned,
er mitt namn stort mellom folkeslaga.
Alle stader blir det tent offereld
og bore fram reine offer i mitt namn.
For namnet mitt er stort mellom folkeslaga,
seier Herren over hærskarane.
12Men de vanhelgar det
når de seier at Herrens bord er uverdig,
at maten på det er forakteleg frukt.
13De seier: «For eit strev!»
og blæs av det, seier Herren over hærskarane.
De kjem med dyr som er røva,
og med dyr som er halte eller sjuke,
når de kjem med offer.
Skulle eg setja pris på noko slikt frå dykkar hand? seier Herren.
14 # 3 Mos 1,3.10; 22,18ff; Sal 47,3.8 Forbanna er den som fer med svik,
som har eit hanndyr i buskapen
og lovar å gje det til Herren,
men i staden ofrar eit dyr som er skadd.
For eg er ein stor konge,
seier Herren over hærskarane,
namnet mitt er frykta mellom folkeslaga.

Markert nå:

Malaki 1: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring