Sakarja 14

14
Den siste krigen
1Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal dei dela krigsbyttet dei røva hos deg.
2Eg vil samla alle folkeslaga til krig mot Jerusalem. Byen skal bli teken, husa plyndra og kvinnene valdtekne. Halve byen må gå i eksil, men resten av folket skal ikkje ryddast ut frå byen.
3 # 2 Mos 14,14; Jos 10,10ff Herren skal fara ut og føra krig mot desse folkeslaga slik han før har ført krig på stridens dag. 4Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget som ligg rett mot Jerusalem, i aust. Oljeberget skal rivna i to frå aust til vest, og det skal bli ein veldig dal. Den eine halvparten av fjellet vik mot nord og den andre mot sør. 5#Am 1,1; Matt 25,31#14,5 fjelldalen min kanskje Hinnom-dalen. Då skal de rømma gjennom fjelldalen min, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. De skal rømma slik de rømde for jordskjelvet i dei dagane då Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma, og alle dei heilage med han.
6 # Joel 3,20; Matt 24,29 # 14,6 skal … lys Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Den dagen skal det ikkje vera lys, berre kulde og frost. 7Det skal vera éin lang dag – Herren kjenner han – ikkje dag og natt, ved kveldstid skal det vera lyst. 8#Esek 47,1; Joel 3,23; Sak 13,1; Op 22,1 Den dagen skal det renna levande vatn ut frå Jerusalem, halvparten til havet i aust, halvparten til havet i vest. Slik skal det vera både sommar og vinter.
9 # 5 Mos 6,4; Sal 97,1; 99,1; Joh 17,3; Ef 4,5 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans eitt.
10 # 14,10 Araba-sletta dalsøkket der Jordan og Daudehavet ligg. Hananel-tårnet truleg i den nordaustlege delen av Jerusalem. Jf. Jer 31,38. Heile landet skal bli som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamin-porten til den staden der Gamleporten var, til Hjørneporten, frå Hananel-tårnet til kongens vinpresser. 11#Jer 33,16; Op 22,3 Der skal det bu folk. Byen skal ikkje vera bannlyst meir. Jerusalem skal liggja trygt.
12 # Jes 66,24; Esek 39,17ff Dette er den plaga Herren lèt råka alle dei folka om dei går til krig mot Jerusalem:
Han skal la kjøtet rotna på dei
medan dei enno står på føtene.
Auga skal rotna i hòlene sine
og tunga rotna i munnen på dei.
13Den dagen kjem det ei stor Herrens forvirring over dei, så dei grip fatt i kvarandre og slåst mann mot mann. 14Også Juda skal strida mot Jerusalem. – Rikdomen frå alle folkeslaga omkring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder. – 15Den same plaga skal råka hesten, muldyret, kamelen, eselet og alle andre dyr som er i leirane.
16 # 3 Mos 23,34ff Då skal dei som blir att av alle folkeslaga som kom mot Jerusalem, år etter år fara opp for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, og feira lauvhyttefesten. 17Om nokon av slektene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, skal regnet ikkje falla over dei. 18Det skal heller ikkje falla over egyptarane om dei ikkje fer opp og ikkje kjem. Dei skal råkast av same plaga som Herren lèt råka dei folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten. 19Dette skal vera straffa for Egypt og alle folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten.
20 # 2 Mos 28,36 Den dagen skal det stå «Helga til Herren» på bjøllene til hestane, og grytene i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret. 21#Jes 35,8; Joel 3,22; Sak 9,7; 11,7.11; Matt 21,12f; Op 21,27 Då skal alle grytene i Jerusalem og Juda vera helga til Herren over hærskarane. Og alle som ofrar, skal koma og ta av dei og koka i dei. Den dagen skal det ikkje lenger vera nokon som driv handel i huset til Herren over hærskarane.

Markert nå:

Sakarja 14: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring