3. Mosebok 27

27
Innløysing av heilage gåver
1 Herren sa til Moses: 2Tal til israelittane og sei til dei: Når nokon vil oppfylla ein lovnad som gjeld menneske vigde til Herren, skal løysesummen fastsetjast slik: 3Ein mann som er mellom tjue og seksti år, skal ha ein verdi på femti sjekel sølv etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. 4Er det ei kvinne, skal ho ha ein verdi på tretti sjekel. 5Er det eit menneske som er mellom fem og tjue år, skal verdien av ein gut vera tjue sjekel og av ei jente ti sjekel. 6Er det eit barn mellom ein månad og fem år, skal verdien av ein gut vera fem sjekel sølv og av ei jente tre sjekel sølv. 7Er det eit menneske på seksti år eller meir, skal verdien av ein mann vera femten sjekel og av ei kvinne ti sjekel. 8Er nokon så fattig at han ikkje kan betala desse pengane, skal dei koma til presten med han, og presten skal setja verdien på han. Presten skal setja verdien etter det han som gav lovnaden, har råd til.
9Gjeld lovnaden slike dyr som kan ofrast til Herren, skal alt det ein gjev av dei, vera heilagt. 10Ein må ikkje erstatta det eller byta det ut med eit anna dyr, korkje eit godt med eit ringt eller eit ringt med eit godt. Skulle ein likevel byta eit dyr i eit anna, skal både dyret som blir bytt ut, og det andre reknast for heilage. 11Gjeld lovnaden eit ureint dyr, eit av dei som ikkje kan ofrast til Herren, skal det leiast fram for presten. 12Og presten skal verdsetja det etter som det er, godt eller ringt. Den verdien som presten fastset, skal det ha. 13Men skulle eigaren ønskja å løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien.
14Når nokon vier huset sitt som ein heilagdom til Herren, skal presten fastsetja verdien, anten det er godt eller dårleg. Den verdien som presten fastset, skal gjelda. 15Vil den som har helga huset sitt, løysa det inn, skal han betala ein femtedel meir enn det er verdsett til. Då blir det hans.
16Når nokon helgar eit stykke av odelsjorda si til Herren, skal verdien fastsetjast etter mengda av såkorn: Til ein homer bygg svarar femti sjekel sølv. 17Helgar han jorda heilt frå frigjevingsåret, skal den fastsette verdien gjelda fullt ut. 18Men er det etter frigjevingsåret han helgar jorda, skal presten rekna ut verdien etter dei åra som er att til komande frigjevingsår, og prisen skal setjast tilsvarande ned. 19Men skulle den som har helga eit stykke jord, ønskja å løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien. Då er det hans for godt. 20Men løyser han ikkje inn jordstykket, eller sel han det til ein annan, kan det ikkje løysast meir. 21#27,28ff Når det blir fritt i frigjevingsåret, skal det vera vigd til Herren, på same måten som bannlyst jord. Presten skal få det i eige.
22Når nokon helgar til Herren eit kjøpt jordstykke som ikkje har høyrt odelsjorda hans til, 23skal presten rekna ut verdien etter den tida som er att til komande frigjevingsår, og mannen skal betala pengane same dagen. Dei skal vera vigde til Herren. 24I frigjevingsåret fell jorda tilbake til seljaren, han som har odelsretten. 25All fastsetjing av verdi skal vera i den vekta dei nyttar i heilagdomen, der ein sjekel er tjue gera.
26 # 2 Mos 13,2f; 34,19 Det som er førstefødd i buskapen, må ingen helga. Fordi det er førstefødd, høyrer det Herren til. Anten det er storfe eller småfe, høyrer det Herren til. 27Er det ureine dyr, skal ein løysa dei inn etter verdien og leggja til ein femtedel. Blir dei ikkje innløyste, skal dei seljast for verdien. 28#5 Mos 3,6; 7,2; Jos 6,18; Mi 4,13 Når ein mann vier noko av alt det han eig, til Herren som bannlyst gods, anten det er folk eller fe eller odelsjord, då må det ikkje seljast og ikkje løysast. Alt bannlyst er høgheilagt og høyrer Herren til. 29#1 Sam 15,3.9f Eit menneske som er bannlyst, kan ikkje løysast. Det skal døy.
30 # 4 Mos 18,21; 5 Mos 14,22 All tiend i landet, både av grøda på marka og av frukta på trea, høyrer Herren til. Ho er vigd til Herren. 31Men skulle nokon ønskja å løysa inn noko av tienda, skal han leggja til ein femtedel. 32All tiend av storfe og småfe, av alt som går under gjetarstav, kvart tiande dyr, skal vera vigd til Herren. 33Ein skal ikkje sjå etter om det er godt eller ringt, og ikkje byta det. Men skulle det likevel bli bytt i eit anna, skal både dyret som blir bytt ut, og det andre vera heilage. Dei kan ikkje løysast.
34Dette er boda til israelittane som Herren gav Moses på Sinai-fjellet.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring